Utløpt

Faste helgestillingar for studentar innan sjukepleie

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Faste helgestillingar for studentar innan sjukepleie
Frist
23.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering er ein del av ReHabiliteringsklinikken i Helse Bergen, og held til på Nordås, i nærleiken til Lagunen Storsenter. Vi har ledige stillingar for studentar innan sjukepleie i ca. 15% helgestilling frå snarleg, med arbeid kvar tredje helg på dag/aften.

I ReHabiliteringsklinikken greier vi ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. På Nordås er det 33 døgnplassar, og dei fleste pasientane blir overført til oss tidleg etter skade eller sjukdom, som ein del av akuttforløpet i Helse Bergen. Som sjukepleiarstudent her får du arbeide helhetlig både med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering i ein tidleg fase. Kvardagen ved sengeposten er variert og innhaldsrik og ein arbeider tett med andre faggrupper.

Vi har regional funksjon for traumatisk hovudskade-rehabilitering og nasjonal funksjon for brannskade-rehabilitering. Vi er tyngdepunktet for spesialisert rehabilitering i Helse Bergen. I tillegg samarbeider vi med andre aktuelle einingar i spesialisthelsetenesta og med førstelinjetenesta.

Les meir om våre sengepostar

Sjå video laget av sjukepleiarane på Nordås

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging og ivaretaking av pasientar
  • Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten
  • Praktiske oppgåver knytta til den daglege drifta
  • Dokumentere og rapportere observasjonar og utførte tiltak under rettleiing

Kvalifikasjonar

  • Student innan sjukepleie
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse
  • Interesse for rehabilitering er ønskjeleg
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna for stillinga spesielt med tanke på haldningar, motivasjon og kommunkasjon

Personlege eigenskapar

  • Du er opptatt av at pasientane skal få god pleie, respekt og omsorg
  • Du har god arbeidsmoral, er opptatt av kvalitet i arbeidet og er fagleg engasjert
  • Du arbeider strukturert, effektivt og målretta
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar
  • Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
  • Eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Sengepostane har eit triveleg, engasjert og aktivt miljø
  • Tilgang til treningslokale og oppvarma basseng
  • Det er kort veg til Lagunen Storsenter
  • Direkte buss frå Bergen busstasjon
  • Gode parkeringsmoglegheiter
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Nordåsgrenda 4, 5235 Rådal
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell

Nøkkelord

helgestilling,, studentar,, sjukepleie,, fast., Rehab,

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anja Jordal
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 91 84 25
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Nordåsgrenda 4, 5235 Rådal

Annonseinformasjon

FINN-kode 275875896
Sist endret 6. okt. 2022 07:53

Rapporter annonse