Utløpt

Matvert i Spisestua

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Matvert i Spisestua, 15 % fast helgestilling
Frist
23.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, som leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer
forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester. Helse Bergen har gjennom si satsing på ernæring vedtatt etablering av Spisestua. Dette er eit konsept der kjøkkenfagleg personell slutt-tilverkar maten til pasientane ute i klinikken. Målet er at kjøkkenfagleg personell skal kome i nærare kommunikasjon med pasienten for å tilpasse kvar enkelt sitt ernæringsbehov. Hospitaldrift Matforsyning har ansvar for spisestuene som finst for fleire avdelingar.

Spisestuene er open kl. 07.00 - 22.00 alle dagar. Her ønskjer vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader. Sjukdomsrelatert underernæring er vanleg hos pasientar som blir innlagd på sjukehus. Dette fører til unødig høg førekomst av komplikasjonar, og kan vere med på å forlenge sjukehusopphaldet. Den fremste oppgåva for våre matvertar, er å påverke pasientane til å ete og ta til seg næring. Vi ønsker å bidra til at måltidet blir mellom dagens høgdepunkt for pasientane. Matvertane tar seg av bestilling, slutt-tilverking, anretting av mat, oppvask og rydding. Per i dag betener vi 16 spisestuer, mellom anna på Nordås, Skuteviken, Klokkarvik, samt fleire spisestuer på Haukelandsområdet.

Vi har ledig tre faste stillingar som Matvert i 15% helgestilling. Stillingane inngår i turnusplanane til seksjonen med arbeid kvar 3. helg. Ein må pårekne å rullere i alle våre spisestuer.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra med matomsorg til pasientar
  • Bestilling, tillaging og servering av måltid, inkludert diettar og spesialkost
  • Reinhald, oppvask og rydding

Kvalifikasjonar

  • Søkjarar med fagbrev som kokk blir føretrekt
  • Må ha erfaring frå kjøkken/kantine
  • Kjennskap til IK-mat
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg. Språkleg kunnskapsnivå må kunne dokumenterast
  • Må kunne bruke pc som arbeidsverktøy 

Personlege eigenskapar

  • Fagleg interesse og engasjement 
  • Serviceinnstilt og imøtekomande
  • Trivast med å jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Strukturert og nøyaktig
  • Vere fleksibel og kunne arbeide i eit hektisk miljø 
  • Ha respekt for kvar enkelt pasient
  • Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåvene
  • Du kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsplass der eit av våresatsingsområde er:"MAT SOM MEDISIN"
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå

 

Mangfaldserklæring
Vi ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.  

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Mat og servering / Kjøkken- og kantinemedarbeider

Nøkkelord

Matvert, i, Spisestua;, 15%, fast;

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Åge Nilsen
Stillingstittel
Leiar/fagleiar
Telefon
55 97 45 36
Kontaktperson
Evy Førland Sander
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 97 49 04
Kontaktperson
Arve Haga
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 97 74 74
Følg firma
2251 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 275019576
Sist endret 30. sep. 2022 07:25

Rapporter annonse