Utløpt

Tilkallingsvikar - Reinhaldar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Tilkallingsvikar reinhaldar ved Voss sjukehus
Frist
11.10.2022
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Reinhald og tekstilavdelinga har 15 stillingar og avdelinga har eit godt og stabilt fagmiljø med hyggelege kollegaer. Voss sjukehus har nær 400 tilsette, og er eit moderne og velutstyrt sjukehus med ulike faggreiner innan spesialisthelsetenesta. 

Vi har no ledig stilling som tilkallingsvikar for reinhaldar frå snarast. Aktuelle kandidatar vil bli tilsett via Bemanningssenteret, men vil gå vakter ved Voss sjukehus. 

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg reinhald på avdelingar og fellesområde
  • Vedlikehaldsoppgåver
  • Smittevask
  • Vask og reiing av senger
  • Arbeidsoppgåver i postkjøkken
  • Hovudreinhald
  • Dag-, kvelds- og helgevakter
  • Avdelinga har i tillegg reinhald av personalbustader

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter personar med interesse for og gjerne erfaring frå reinhaldsfaget
  • Det er ikkje krav til fagbrev, men søkjarar med dette er òg av interesse
  • Det er krav til gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
  • Gode IKT-kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Vera utadvendt og serviceinnstilt
  • Jobbe strukturert og effektivt i eit til tider hektisk miljø
  • Kunne arbeide sjølvstendig men og ha gode samarbeidsevner
  • Arbeidet er fysisk krevjande

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt fagleg arbeidsmiljø og teamarbeid med hyggelege kollegaer


Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Sjukehusvegen 16, 5704 Voss
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Renhold

Nøkkelord

Tilkallingsvikar, -, Reinhald

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Siri Louise Visted
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
56 53 36 10
Følg firma
2252 følger dette firmaet

Sjukehusvegen 16, 5704 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 273857391
Sist endret 21. sep. 2022 07:29

Rapporter annonse