Utløpt

Helsefagarbeidar/Hjelpepleiar 100 % fast stilling

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Helsefagarbeidar/Hjelpepleiar 75% fast stilling på natt
Frist
05.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Seksjon S4 avdeling for psykose er ein lukka psykosepost med 12 senger lokalisert til Sandviken sjukehus. Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar. Vi jobbar i team saman med psykiater, psykolog, sosionom og milijøpersonell rundt kvar pasient. Vi jobbar tett saman med behandlings-aparatet ute for å sikre ein god og rask utskriving til eigen bustad eller anna behandlingstilbod.

Vi har no ledig 75% stilling på natt som helsefagarbeidar/hjelpepleiar med arbeid pt. kvar 3.helg

Arbeidsoppgåver

  • Fokus på å skape gode relasjonar til pasientane og gje god miljøterapeutisk omsorg
  • Gje pasientane eit best mogleg opphald på avdelinga
  • Tverrfagleg teamarbeid
  • Observere og dokumentere
  • Praktisk arbeid 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Erfaring fra akkuttpsykiatri vil vere ein fordel
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Må ha grunnleggande IKT - kompetanse

Personlege eigenskapar

  • Du er opptatt av at pasientane skal få god pleie, respekt og omsorg medan dei er på sjukehuset 
  • Du har god arbeidsmoral, er opptatt av kvalitet i arbeidet og er fagleg engasjert
  • Du arbeider strukturert, effektivt og målretta
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du må vere tilpassingsdyktig og takle stressande situasjonar
  • Du må ønske og evne å motta rettleiing
  • Du må vere personleg eigna til arbeidet

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med engasjerte, kompetente og stolte medarbeidarar
  • Relevant opplæring
  • Kursing i MAP (Møte med Aggresjons Problematikk)
  • Høgt fagleg nivå
  • Eit meiningsfylt arbeid som gir personleg utvikling
  • Ein viktig og interessant jobb i norsk helsevesen 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell,
Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier

Nøkkelord

Helsefagarbeider,, psykiatri

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marianne Dale
Stillingstittel
Konst. seksjonsleiar
Telefon
55 95 88 48
Følg firma
2253 følger dette firmaet

Sandviksleitet 1, 5036 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 273772017
Sist endret 20. sep. 2022 13:03

Rapporter annonse