Utløpt

Vil du jobbe i ein av dei mest unike kulturinstitusjonane i landet?

Arbeidsgiver
Stiftinga Den norske bokbyen
Stillingstittel
Dagleg leiar
Frist
01.10.2023
Ansettelsesform
Fast

Den norske bokbyen i Fjærland vart grunnlagd i 1995 og offisielt opna i 1996 av dåverande kulturminister, Åse Kleveland. Bokbyen har no om lag 4 hyllekilometer bøker til sals i eit titals utsal av ymse storleikar og opphav: ferjeventerom, fjøs, bank, fryseri og postlokale. At bokbyen baserer seg på gjenbruk også når det gjeld utnytting av ledige lokale, gjer at bokutsala blir svært originale i utforming. I tillegg er bokbyen eit levande litteraturhus med litteratur- og kulturarrangement gjennom heile året.

Vil du jobbe i ein av dei mest unike kulturinstitusjonane i landet? Stiftinga Den norske bokbyen søker:

Dagleg leiar

60% stilling med ambisjon om auke til 100%

Vår daglege leiar sluttar og vi søkjer etter ny dagleg leiar frå 2024.

Me ser etter deg som drøymer om å bygge verdas beste bokby i ei lita bygd. Som er kreativ, strukturert og vil vere med å vidareutvikle bokbyen og gjere han meir kjend både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Sentrale arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:

·      Leiing arbeidet i stiftinga

·      Utvikling av strategi og handlingsplanar

·      Finansiering, budsjett og økonomiarbeid

·      Planlegging og gjennomføring av arrangement

·      Marknadsføring av bokbyen i sosiale og tradisjonelle medier

·      Tett dialog med samarbeidspartnarar innan litteraturfeltet, reiselivet, lokalsamfunn, offentlege etatar og andre

·      Forvaltning av stiftinga sine eigendelar

·      Representasjon

Me tilbyr:

·      Fleksibelt og spennande arbeid

·      Mogelegheita til vere med å forme ein heil bokby

·      Høve til nær- eller fjernkontor

·      Samarbeid med eit entusiastisk styre og andre flotte samarbeidspartnarar


Søknadsfrist 1. oktober

Spørsmål om stillinga og søknad til styreleiar Marit Aakre Tennø

Tlf: 45471716

Sektor
Privat
Sted
6848 Fjærland
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Kunst og kultur
Stillingsfunksjon
Ledelse
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

litteratur, bøker

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marit Aakre Tennø
Stillingstittel
Styreleiar
Mobil
45 47 17 16
Følg firma
3 følger dette firmaet

6848 Fjærland

Annonseinformasjon

FINN-kode 269253493
Sist endret 28. okt. 2023 15:52

Rapporter annonse