Utløpt

Leiar Voss Turistinformasjon 80-100% stilling

Arbeidsgiver
Hardanger og Voss Næringshage AS avd. Visit Voss
Stillingstittel
Leiar Voss Turistinformasjon
Frist
31.08.2022
Ansettelsesform
Fast

Som leiar for turistinformasjonen har du det overordna ansvaret for drifta av turistinformasjonen. Dette inkluderer personalansvar, med ansvar for vaktlister, tilsetjingar og oppfylging av dei andre tilsette i turistinformasjonen. Ein er også ansvarleg for innhald på alle digitale skjermar, anna informasjonsmateriell og utforming av turistinformasjonen.  

 

Arbeidsoppgåvene elles er sal av aktivitetar, rundturar og andre opplevingar, samt formidla informasjon om regionen i turistinformasjonen eller på telefon og e-post. 

 

Me søkjer deg som er over 18 år og er: 

  • Strukturert og ryddig 
  • Glad i å snakke med gjestar frå heile verda 
  • Flink seljar  
  • God til å takla eit hektisk arbeidsmiljø 
  • Gjerne erfaring med personalansvar 
  • Gjerne fagbrev reiseliv / resepsjon eller høgskuleutdanning. Erfaring og personlege eigenskapar kan vege opp for utdanning. 

 

Du må kunne norsk og engelsk flytande. Det er eit føremon om du kan fleire framandspråk i tillegg til engelsk.  

I stillinga må ein rekne med noko kveld- og helgejobbing. Konkurransedyktig løn og tiltreding etter avtale. Personlege utviklingsmoglegheiter. 

Om arbeidsgiveren

Visit Voss utviklar og marknadsfører Voss som reisemål, samt driftar turistinformasjonen. Me held til i flotte lokale i Voss Gondol, og har ope heile året. Visit Voss er ei avdeling i Hardanger og Voss Næringshage AS. Selskapet skal vere ei drivkraft for utvikling av næringslivet og turisme i regionen.

Sektor
Privat
Sted
Evangervegen 3, 5704 Voss
Bransje
Konsulent og rådgivning,
Reise og turisme,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Salgsledelse,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering
Arbeidsspråk
Norsk,
Engelsk

Nøkkelord

Turisme, Leder, Reiseliv, Voss

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gry Bystøl
Stillingstittel
Leiar Visit Voss
Mobil
97 16 84 11
Følg firma
19 følger dette firmaet

Evangervegen 3, 5704 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 268289832
Sist endret 19. sep. 2022 12:28

Rapporter annonse