Utløpt

Volda Campus Sparebank 1 Arena søkjer etter driftsleiar

Arbeidsgiver
Volda Campus Arena AS
Stillingstittel
Driftsleiar
Frist
06.05.2022
Ansettelsesform
Fast

Om stillinga

Deltidsstilling (60%). Jobben som driftsleiar blir i størst mogleg grad utført på dagtid mellom 09.00 – 14.00, men ein må pårekne noko fleksibilitet i arbeidstid. I tillegg til driftsleiar vil VCA ha ein teamleiar for hallvertar på ettermiddags-/kveldstid.

 

Arbeidsoppgåvene er knytt til dagleg drift av anlegget, der følgjande oppgåver er sentrale:

·      Fast kontaktpunkt for leigetakarane på dagtid

·      Drift og oppfølging av ulike system

·      Leverandøroppfølging samt oppfølging av serviceavtaler

·      Halde oversikt over booking og ledig kapasitet i hallen til ei kvar tid

·      God kommunikasjon med og oppfølging av teamleiar for hallvertar, personalansvar for teamleiar og hallvertar

·      Godkjenning og betaling av fakturaer

·      Sal og marknadsføring

·      Praktisk vedlikehald og tilrettelegging

·      Andre oppgåver som naturleg høyrer til stillinga

 

Kvalifikasjonar

Det er ein fordel med relevant utdanning utover vidaregåande skule. I tillegg ynskjer vi at du har fagleg innsikt i eigedomsdrift og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Vi ynskjer tilsetting i god tid før 1.9.22. Løn etter avtale.

Driftsleiar rapporterer til styreleiar i VCA AS.

Om arbeidsgiveren

Volda Campus Sparebank 1 Arena er ein treffstad på kveld og i helgar for store delar av idrettsmiljøet i Volda-samfunnet i tillegg til fleire kulturaktivitetar gjennom heile året. På dagtid er aktivitetssalane i stor grad utleidde for elevar på barne- og ungdomsskulen, samt vidaregåande skule. Hallen har to speleflater for handball, to aktivitetshallar, fleirbruksrom, klatrehall, styrketrening- og spinning rom, ulike sosial rom, kafé, møterom, parkeringskjellar etc. Samla areal er ca. 11 000 m2. Selskapet har i to år hatt ein prosjektstilling i 100% og vi ser nå etter ein driftsleiar i ca 60% stilling i den vidare drifta av hallen.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Joplassvegen 1, 6103 Volda
Bransje
Eiendom,
Idrett og trening
Stillingsfunksjon
Driftsoperatør/vaktmester,
Ledelse,
Teknisk personell

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Janicke Westlie Driveklepp
Stillingstittel
Styreleiar
Mobil
91 59 18 85
Følg firma
2 følger dette firmaet

Joplassvegen 1, 6103 Volda

Annonseinformasjon

FINN-kode 255978337
Sist endret 5. jun. 2022 22:24

Rapporter annonse