
Kyrkjelydspedagog
Bømlo Kyrkjelege Fellesråd
- Frist 15.3.2022
- Ansettelsesform Fast
Ynskjer du å jobbe med barn og unge?
· Ååååå!! Dette var kjekt! Kan me ha Tårnagenthelg neste helg også?
· Når kan me ta fram soveposane og godteriet? Det skal bli gøy å overnatte i kyrkja!
· Kan me få lov å gå opp på preikestolen å sjå også? Yes!
· Det er eigentleg ganske gøy å vera konfirmant faktisk!
Dette er kommentarar du kan komme til å høyre i stillinga som kyrkjelydspedagog i kyrkjene på Bømlo.
To ledige kyrkjelydspedagogstillingar
I dei fire kyrkjelydane i Bømlo er det ledig:
- 80% - 100% fast stilling som kyrkjelydspedagog frå 1.8.2022 eller etter avtale.
- 80% - 100% vikariat som kyrkjelydspedagog frå 1.8.2022 eller etter avtale. Fram til 1.7.2023
Som tilsett i Bømlo kyrkjeleg fellesråd får du:
- interessante utfordringar
- utgjere ein forskjell for barn og unge i møte med kyrkja
- høve til fagleg og personleg utvikling gjennom samspel med dei andre tilsette og gjennom kurstilbod
- bli ein del av eit godt og inkluderande arbeidsmiljø fylt med oppmuntring, glede og humor
- høg grad av fleksibilitet både når det gjeld di eiga arbeidstid og dine arbeidsoppgåver
- tariffløn og god pensjons- og forsikringsordningar
Arbeidsoppgåver:
- Planlegge og gjennomføre trusopplæringstiltak for barn og unge i aldersgruppa 0-18 år
- Administrasjon, planlegging og gjennomføring av konfirmantarbeidet
Dette vert vektlagt:
- 3-årig høgskuleutdanning innanfor faga kristendom, pedagogikk, trus- og livssynskunnskap (andre med anna relevant utdanning/bakgrunn vil bli vurdert)
- Personlege eigenskapar, samarbeidsevner og fleksibilitet
Me søkjer deg med:
- Gode kommunikasjons- og formidlingsevner i møte med barn og unge.
- Erfaring med og interesse for barne- og ungdomsarbeid.
- Evne til å motivere, inspirere og koordinere frivillige medarbeidarar.
- Normalt gode dataferdigheiter
Høve til å disponera eigen bil.
Politiattest og medlemskap i Den norske kyrkja er ein føresetnad.
For søkjarar som ynskjer det vert søknaden vurdert både til den faste stillinga, og til vikariatet.
For informasjon kontakt kyrkjeverje Trygve Leigland på tlf. 400 85 045, pedagog Liv Merete F. Pedersen tlf. 995 43 451 og www.bomlo.kyrkja.no
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Leirdalen 1, Rådhuset, 5430 Bremnes
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Event og arrangementer, Kirke og menighet
- Stillingsfunksjon: Menighetsarbeid, Omsorg og sosialt arbeid, Undervisning og pedagogikk
Nøkkelord
pedagog, menighet, kirke, barn, ungdom
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 249145752
- Sist endret

