Utløpt

Vil du vere ein ressurs for korpsa i tidlegare Sogn og Fjordane?

Arbeidsgiver
Norges Musikkorps Forbund
Stillingstittel
Korpskonsulent
Frist
13.02.2022
Ansettelsesform
Prosjekt

Du er ein person som skapar engasjement og aktivitet i korpsa, likar å jobbe med nettverk og er oppteken av å bygge gode relasjonar. Då er dette kanskje jobben for deg!


Norges Musikkorps Forbund (NMF) Nordvest treng ein Korpskonsulent i midlertidig stilling(60%) for perioden 1.8.22 - 31.7.24.

Stillinga rapporterer til dagleg leiar i NMF Nordvest. Kontorstad vil fortrinnsvis vere i eit kontorfellesskap i søre delar av tidlegare Sogn og Fjordane.


Kva går jobben ut på?

Som korpskonsulent vil hovudoppgåvene vere å bygge eit korpsnettverk for NMF Nordvest, synleggjere tilboda som NMF har til medlemskorpsa i dette nettverket, samt å jobbe med rekruttering i regionen. Du skal vere ein synleg ambassadør og vere korpsa sin kontaktperson.

Som korpskonsulent skal du ha ansvaret for gjennomføring av regionkorpset NUB, Nordvesten Sogn og Fjordane, og sommerkursa i denne delen av regionen.

Stillinga er nyoppretta, so du vil i stor grad få høve til å forme stillingsinnhaldet i tett samarbeid med dagleg leiar i NMF Nordvest.


Kven er du?

-Du har korpserfaring og god kjennskap til kulturen og livet i området tidlegare kjend som Sogn og Fjordane

-Du er ein person som får energi av å jobbe med menneske og har fokus på relasjonsbygging

-Du likar høg aktivitet og krevjande arbeidsoppgåver, er strukturert, sjølvstendig, utadvendt, tek initiativ og er god på nettverksbygging

-Du har formell utdanning på bachelornivå. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning

-Du har god datakunnskap og trivast med å jobbe med digitale flater 

Personlege eigenskapar vert vektlagt. 

Stillinga inneber kvelds- og helgearbeid samt reiseaktivitet. Det er eit krav at søkjarar har førarkort og kan disponere eigen bil. Ved tilsetjing må politiattest leggast fram.


Kva kan vi tilby?

Ein jobb der du får være med å påverke musikk- og drillmiljøet i regionen og får godt innblikk i frivillig arbeid i korps. Du får kjennskap til korleis samarbeid mellom ein frivillig organisasjon og det offentlege apparatet fungerer. NMF er underlagt tariffavtale, og har god pensjonsordning og fleksitidsavtale.


Har du spørsmål?

Ta kontakt med dagleg leiar NMF Nordvest, Ingrid Sofie Nygaard, tlf. 958 37 673

 

Om arbeidsgiveren

Norges Musikkorps forbund (NMF) er ein av landets største frivillige kulturorganisasjonar med ca. 60.000 medlemmer og 1.600 medlemskorps. NMF sine verdiar er: Inkluderande, inspirerande, engasjert.

Norges Musikkorps Forbund sin hovudstrategi er å styrke den enkelte medlemskorps og har som formål å gjere musikkorps til ein attraktiv fritidsinteresse for alle barn, unge og vaksne. Dette gjer vi ved å sikre gode vekstvilkår for korpsa, tilby aktivitetar av høg kvalitet og synleggjere korpsa si betydning. Gjennom vårt arbeid er vi ein sentral bidragsytar til livslang læring, auka livskvalitet og kulturbygging i heile landet.

NMF er ein nasjonal organisasjon med aktivitet i heile landet. NMF har medarbeidarar fordelt på hovudkontoret i Bergen og 8 regionkontor. NMF Nordvest har 206 korps og ca. 6500 medlemmer og består av fylkene Møre og Romsdal og tidlegare Sogn og Fjordane.

Nettverk
Facebook
Sektor
Organisasjoner
Sted
Idrettsvegen 2, 6413 Molde
Bransje
Ideelle organisasjoner,
Kunst og kultur,
Musikk
Stillingsfunksjon
Kurs og opplæring,
Rådgivning,
Annet

Nøkkelord

Korps, Norges Musikkorps Forbund, Nettverk, Relasjonsbygging, produsent

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingrid Sofie Nygaard
Stillingstittel
Daglig leder NMF Nordvest
Mobil
95 83 76 73
Følg firma
87 følger dette firmaet

Idrettsvegen 2, 6413 Molde

Annonseinformasjon

FINN-kode 245630474
Sist endret 4. mar. 2022 15:56

Rapporter annonse