Sentralbadet Litteraturhus søker bar- og serveringspersonell
- Arbeidsgiver
- Sentralbadet Litteraturhus
- Stillingstittel
- Sommarjobb på Sentralbadet
- Frist
- Snarest
- Ansettelsesform
- Sommer/Sesong
For sommarsesongen 2023 planlegg Litteraturhuset å ha ope i vekedagar og helg, med uteservering og arrangement.
Sentralbadet litteraturhus søker bar- og serveringspersonell. Vi er på jakt etter ein sosial og utadvendt person. Jobben vil bestå av bartending, servering, rigg og rydd, og klargjering og tilsyn under arrangement og møte. Arbeidet er variert, artig og byr på kjekke utfordringar! Du vil inngå i ei skiftordning med andre baransvarlege med faste vakter, og du vil få god opplæring. Vi strekk oss for at dette skal vere ein kjekk og sosial arbeidsplass.
Sentralbadet er eit innhaldsrikt hus, med tre godt utstyrte salar, kjøken, restaurant/ kafé og bar med alle rettar. Vi er arrangør av eigne og andre sine arrangement innan kulturbransjen, og er medarrangør av fleire festivalar i regionen, som t.d. Litteratursymposiet i Odda og Hardanger Internasjonale Siderfestival, og vi leiger ut lokaler til møter og selskap.
Huset vert delvis drive på dugnad, saman med vårt flotte venelag, og delvis profesjonelt med løna stab. Dette er eit samarbeid som fungerer godt.
Det er viktig at du:
• er sjølvstendig og glad i å finne løysingar
• er sosial og serviceminded
• er roleg i hektiske periodar
• er eit positivt JA-menneske
• er over 18 år
• helst har erfaring frå bransjen, men personlege eigenskaper er viktigst
• snakker og skriv godt norsk og engelsk
Arbeidstid er i utgangspunktet dagtid -tidleg kveld. Du blir tilsett på timar med løn etter avtale. Gode moglegheiter for utvikling for rette kandidatar.
- Nettverk
- Sektor
- Privat
- Antall stillinger
- 3
- Sted
- Lindeplassen, 5750 Odda
- Bransje
- Event og arrangementer,
- Kunst og kultur,
- Restaurant, mat og uteliv
- Stillingsfunksjon
- Mat og servering / Bartender,
- Mat og servering / Servitør
Nøkkelord
bartender, servitør, bar, vert, vertinne



Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Kim Christer Hylland
- Stillingstittel
- Dagleg leiar
- Mobil
- 415 51 140