Utløpt

Timelærar mellomtrinnet 

Arbeidsgiver
Bergen kommune
Stillingstittel
Timelærer mellomtrinnet Ytre Arna skule
Frist
05.10.2021
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Bergen Kommune

Ytre Arna skule er ein barneskule i Arna bydel med 50 tilsette og 260 elevar. Ytre Arna skule har og velkomstklasse for nyankomne minoritetsspråklege elevar på 3.-7. trinn frå Arna og Åsane. Skulens visjon er: Lat dei gode kreftene sigra. Trivsel, tryggleik og læring for alle   Visjonen gjev retning for arbeidet på skulen. Satsing på god læring og arbeid for eit trygt og inkluderande miljø for elevar og tilsette blir sterkt vektlagt i skulen og i SFO. Vi ynskjer å lytte til elevane og møte kvarandre med varme, for saman å gjere læringsarenaene trygge og skape eit godt og lærande skulemiljø. Skulens leiarteam består av rektor og tre avdelingsleiarar som har nært samarbeid og tett oppfølging av alle våre tilsette. Skulen har nynorsk og bokmål som opplæringsmål.

Skulens hovudsatsingsområde er:
-         Ny læreplan, tverrfagleg undervisning
-         Olweus og Forandre med varme, verktøy for godt skulemiljø
-         Grunnleggjande ferdigheiter
-         Bruk av digitale verktøy


 

Arbeidsoppgaver

Skulen har ledig 1 vikariat i 50% stilling som timelærar på mellomtrinnet frå 18.10.21 og ut skuleåret. Det kan bli aktuelt med økt stillingsprosent og forlenging av vikariatet. Vi ynskjer å rekruttere positive medarbeidarar, og legg difor stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetningar.  Vi ynsker trygge, varme, kreative og initiativrike lærarar.

Kvalifikasjoner

  • Godkjent utdanning som grunnskulelærar  
  • Kompetanse i praktisk estetiske fag og/eller spesialpedagogikk er ein fordel
  • God digital kompetanse

Personlige egenskaper

  • Du er ein trygg, varm og tydeleg læringsleiar
  • Du møter alle elevar, kollegaer og føresette med respekt og forståing
  • Du har gode evner for samarbeid og likar å arbeide i team
  • Du er fagleg engasjert, fleksibel og løysingsorientert
  • Du er ansvarsbevisst og strukturert
  • Du bidrar til å oppretthalde eit godt og humørfylt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ein profesjonell og engasjert arbeidsgjevar
  • Ein spannande kvardag med gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
  • Dyktige kollegaer og eit inkluderande profesjonsfellesskap
  • Lønn etter gjeldande avtaleverk
  • Gode velferdsordningar, IA-bedrift

Om arbeidsgiveren

Bergen kommune søker motiverte medarbeidere som er kompetente, åpne, pålitelige og samfunnsengasjerte. Kvalitet i tjenestene skapes gjennom godt arbeidsmiljø og mangfold blant ansatte.

Sektor
Offentlig
Sted
5265 Ytre Arna
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk

Nøkkelord

Timelærar, mellomtrinnet

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bjørg Guro L Pedersen
Stillingstittel
Rektor
Følg firma
5733 følger dette firmaet

5265 Ytre Arna

Annonseinformasjon

FINN-kode 232660996
Sist endret 21. sep. 2021 09:54

Rapporter annonse