Utløpt

Vi søkjer ein trygg, engasjert og målretta miljøterapeut

Arbeidsgiver
Barne-, ungdoms- og familieetaten
Stillingstittel
Miljøterapeut/fagarbeidar - 53,4% fast stilling
Frist
28.09.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)
Informasjon om arbeidsstaden og stillinga

Kollen Ungdomsbase har ledig ei fast deltidsstilling på 53,4 % frå d.d.

Stillinga er i turnus etter gjeldande regelverk. For tida dag- og kveldsvakter på kvardagar. Deltidstilsette kan i tillegg ta på seg ekstravakter.

Kollen ungdomsbase har ei sosialpedagogisk tilnærming med vekt på kognitiv miljøterapi i tillegg til traumesensitiv omsorg. Vi legg vekt på at ungdommane innafor trygge rammer, og i samhandling og aktivitetar med vaksne, skal oppleve mestring og ny læring for å oppnå endring og utvikling.

Målet for miljøterapien er at ungdommane skal utvikle hensiktsmessige tanke- og handlingsmønster slik at dei kan handtere kvardagen sin på ein best mogleg måte.


Korleis vil arbeidsdagen din vere?

Arbeids- og ansvarsområder vil vere:

  • Målretta og systematisk arbeid etter arbeidsmodellar frå Kognitiv miljøterapi. Traumesensitiv og profesjonell omsorg. Initiativ til kvardags- og fritidsaktivitet som gjev ny læring og mestring. I kvardagen må du vere ein stabil og truverdig vaksen og ein god rollemodell som kan planlegge og oppretthalde god struktur.
  • I det daglege skal ein samarbeide med ungdommane, kollegaer, føresette og eksterne samarbeidspartar som skule og psykisk helsevern. I tillegg skal ein utføre daglege praktiske oppgåver ved institusjonen.
  • Som hovedkontakt for ein ungdom, vil ein få ansvar for utarbeiding og oppfølging av plan- og rapporteringsarbeid.
  • Miljøterapeutane vert i det daglege leia av avdelingsleiar.

Kva slags bakgrunn har du?
  • Det er ønskjeleg med fullført minimum 3-årig høgskuleutdanning (bachelore 180 studiepoeng) som barnevernpedagog, sosionom eller vernepleiar. Sjukepleiarar med relevant videreutdanning i psykisk helsearbeid er aktuelle. Fagarbeidarar med relevant erfaring frå institusjonsarbeid med ungdom og som er under bacheloreutdanning som barnevernpedagog, sosionom eller vernepleiar, kan også søkje.
  • Fagleg integritet, samarbeidsevner, relasjonsbygging og ein robust personlegdom vert vektlagt
  • Det er krav til gode munnlege og skriftelege norskkunnskapar og gode IT-ferdigheiter
  • Du må ha førarkort kl. B med manuelt gir.

Det er også ønskjeleg at du har

  • videreutdanning eller erfaring frå familieterapi, pedagogikk, psykiatri og rus, kartleggingskompetanse og TS. 
  • erfaring frå intitusjonsarbeid med ungdom

Kven ser vi etter?
  • Som godt eigna miljøterapeut er du kjenneteikna ved å vere fleksibel utan å vere ettergjevande, sensitiv utan å miste den naudsynte profesjonelle distansen. Du må vere ein trygg og sjølvstendig vaksen som kan samarbeide og kommunisere godt med andre samtidig som du kan jobbe sjølvstendig og strukturert. Du er kjenneteikna ved at du kan bruke din autoritet uten å vere undertrykkande. Du er vital og optimistisk og ser små framsteg som viktige sigrar.
  • For oss er det viktig at du har evne til å skape god kontakt med ungdommane og at du er ein positiv ressurs for arbeidsmiljøet. Dette vert vektlagt i den totale vurderinga ved tilsetting.
  • Vi ber om at det vert gitt opp minimum to referanser som er fagleg relevant og av nyare dato.

Kva får du hos oss?

Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1489 miljøterapeut, 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom eller 1508 vernepleiar i lønsramme 15, alt. 6-11, for tida kr 413 500 - kr 507 600 pr.år (ltr 43-56).

Miljøterapeut under bacheloreutdanning er plassert i stillingskode 1488 i lønnsramme 17 alt. 5-11 for tida kr 373 200 - kr 468 300 pr. år i 100 % stilling (ltr. 35-51), eller som fagarbeidar i stillingskode 1203, lønsramme 11, alt. 7 for tida kr 364 800 - kr 407 900 pr. år i 100 % stilling (ltr.33 - 42 ).

Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i i stillingskode 1534 spesialutdanna miljøterapeut, 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom eller 1509 spesialutdanna vernepleiar, i lønsramme 18, alt. 9-11, for tida kr 491 200 - kr 543 500 pr.år (ltr 54-60). Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring.

Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Vi kan dessutan tilby:

  • Kurs, personalsamlingar og sosiale tiltak saman med gode kollegaer
  • Rettleiing i Kognitiv terapi
  • Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen
  • Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gje barn og unge og familiane deira eit enno betre tilbod - noko som er ein verdi i seg sjølv

Opplysningar til deg som søkjar
  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjer til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut rette kandidatar brukar vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Kollen Ungdomsbase, Vestnes kommune i Møre og Romsdal
  • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønskjet ditt ikkje blir tatt til følge. Vi ber om at det vert gitt opp minimum to referansar som er fagleg relevant og av nyare dato.

Kontaktinformasjon

Einingsleiar Janne Årset   tlf. 466 17 516, epost janne.arset@bufetat.no

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.

Vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik og lengde, skal takast med til eit eventuelt intervju.


Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat, region Midt-Norge dekker Trøndelag og Møre og Romsdal. Regionkontoret er lokalisert i Trondheim.

Kollen ungdomsbase er ein statleg barnevernsinstitusjon for ungdom i alderen 13 - 18 (20) år. Institusjonen ligg i Vestnes kommune og har 10 plassar, to avdelingar med plass til 4 ungdommar i kvar avdeling og 2 institusjonshyblar. Ungdommane er plassert etter § 4.4 og § 4.12 i Lov om barnevernstenester

Bufetat er oppteken av å gjennomføre samfunnsoppdraget med høg kvalitet. Vi ser på god fagleg kompetanse, godt humør og stor takhøgde som vesentlege føresetnader for gode resultat. 

Sektor
Offentlig
Sted
Myrakollen 6, 6390 Vestnes
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Omsorg og sosialt arbeid
Følg firma
4301 følger dette firmaet

Myrakollen 6, 6390 Vestnes

Annonseinformasjon

FINN-kode 231921918
Sist endret 14. sep. 2021 15:41

Rapporter annonse