Utløpt

Lærar på Salg, service og reiseliv

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Lærer på Salg, service og reiseliv
Frist
24.09.2021
Ansettelsesform
Engasjement

Skulen har behov for ein tilkallingsvikar innan Sal, service og reiseliv. Det kan bli aktuelt med både korte vikariat og vikartimar, ut i frå behov. 

Os vgs skule tilbyr fem yrkesfaglege utdanningsprogram: bygg - og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, helse - og oppvekstfag, sal, service og reiseliv og teknologi- og industrifag. I tillegg har vi landsliner innan anleggsteknikk og yrkessjåfør, påbygg til generell studiekompetanse og særskilt tilrettelagt opplæring.

Skulen har om lag 450 elevar og 100 tilsette som kvar dag arbeider mot visjonen om å vere modige, åpne og kompetente.

Skulens elevsyn er å møte eleven med respekt, fleksibilitet og positiv innstilling.

Ut i frå ulike føresetnader, vil vi bidra til at kvar elev vert ein god medborgar og får tileigna seg relevant fagkunnskap.

Arbeidsoppgåver

I denne stillinga skal l lærer undervise i programfaga forretningsdrift, marknadsføring og innovasjon og kultur og samhandling. 

Kvalifikasjonar

Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse:

  • 60 studiepoeng (årsstudium) i eit eller fleire av undervisningsfaga
  • Ønskeleg med undervisningserfaring på vgs
  • Ønskeleg med erfaring i bruk av IKT som arbeidsverktøy

Anna

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25.2.ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste.  Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort 

Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk

Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest av nyare dato

Personlege eigenskapar

  • Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar og lærarar, og du er fleksibel
  • Du bidreg til å skape gode relasjonar, både til elevar og kollegaer
  • Du er utviklingsorientert
  • Du har god pedagogisk forståing i tråd med skulen sitt elevsyn

Vi tilbyr

  • Eit aktivt og stimulerande profesjonsfellesskap
  • Nært samarbeid med kollegaer
  • God delingskultur og positiv innstilling
  • Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
5200 Os
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor

Nøkkelord

Lærer, undervisning, skole, videregående

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Harald Natvik
Stillingstittel
avdelingsleiar
Telefon
93 43 43 42
Følg firma
1075 følger dette firmaet

5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 231332698
Sist endret 9. sep. 2021 12:19

Rapporter annonse