Utløpt

Sjukepleiar/Vernepleiar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Sjukepleiar/Vernepleiar
Frist
24.09.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Dr. Martens er ein del av Avdeling for Rusmedisin i Helse Bergen. institusjonen ligg i Ytre Sandviken. Vi gjev tilbod om rusbehandling til menn i ein stabiliserande og avklarande fase. På avdelinga er det plass til 13 menn. 

Vi har ledig 70% fast stilling som nattevakt.

Helse Bergen ønskjer som hovudregel å tilby fulle stillingar. Dersom du ønskjer full stilling, kan du få dette ved delt stilling ved Bemanningssenteret i føretaket. Tilsette ved Bemanningssenteret arbeider ved ulike einingar på sjukehuset, noko som gir deg breiddeerfaring frå fleire fagfelt. Stillinga i Bemanningssenteret blir tilpassa arbeidsplanen ved avdelinga og ein vil kunne få dag/kveldsvakter om ønskjeleg.

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiar/vernepleiar arbeider i tverrfagleg team og følgjer pasientane tett under innlegging
  • Oppgåvene er varierte, og inneheld både tradisjonelle sjuke- og vernepleiaroppgåver, samt miljøterapeutiske oppgåver. Ein arbeidsdag kan bestå av alt frå mottak av nye pasientar, tillaging av medisinar, støttesamtalar, pårørandearbeid, ulike kartleggingar og ulike aktivitetar med pasientane 
  • Bidra med undervising og kunne leie møte med pasientar saman med andre kollegaer 
  • Samarbeide med andre instansar

Kvalifikasjonar

  • Dokumentere i tråd med divisjonen og nasjonale lover og retningsliner
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Gjerne vidareutdanning innan psykisk helsevern
  • Erfaring frå sjukepleiefagleg arbeid innan somatikk, rus og/eller psykisk helsevern er ein fordel
  • Godt norsk språk, både munnleg og skriftleg
  • Gode datakunnskapar

Personlege eigenskapar

  • I tillegg til faglege kvalifikasjonar, legg vi vekt på personlege eigenskapar som samarbeidsevne og evne til sjølvstendig, strukturert og målretta arbeid
  • Ha engasjement til å prege utviklinga av seksjonen som heilskap 
  • Vere fleksibel og ha vilje til eit godt samarbeid på alle nivå 
  • Ha evne til å ta ansvar, arbeide sjølvstendig og i team
  • Robust og god på avgjerder
  • Pedagogiske evner er ein fordel

Vi tilbyr

  • Fagleg utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Regelmessig internundervising
  • Inkluderande arbeidsmiljø
  • Vi arbeidar tett saman i eit tverrfagleg miljø med høg effektivitet og kvalitet, god takhøgde og med humor som sit laust 
  • Langvakter i helg fredag-lørdag og søndag, 20:15 til 08:15
  • Årsturnus/kalenderplan
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Avdeling for rusmedisin (AFR) tilbyr behandling og oppfølging til menneske med rus- og avhengigheitslidingar. Avdelinga satsar også sterkt på forsking og kvalitetsutvikling innan rushelsetenesta.

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Hatleveien 7D, 5038 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier

Nøkkelord

Sykepleier,, Vernepleier,, AFR,, Nattevakt

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bjarte Opsal
Stillingstittel
Teamleiar
Telefon
95 05 88 22
Kontaktperson
Eirik Helle Riise
Stillingstittel
Konsituert seksjonsleiar
Telefon
48 36 82 11
Følg firma
2255 følger dette firmaet

Hatleveien 7D, 5038 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 229659084
Sist endret 25. aug. 2021 10:14

Rapporter annonse