Utløpt

Sjukepleiarar til 2* 80% fast stilling, heimetenesta sone Straume

Arbeidsgiver
Øygarden kommune -
Stillingstittel
Sjukepleiarar til 2* 80% fast stilling, heimetenesta sone Straume
Frist
28.06.2021
Ansettelsesform
Fast

 

Er du den nye sjukepleiaren/vernepleiaren vår?

Er du sjukepleiar/vernepleiar og ønskjer deg jobb med gode kollegaer og varierte oppgåver? Vi søkjer etter deg som er engasjert, fleksibel og har fokus på høg kvalitet for brukarane våre

Stillingane kan aukast til 100% med timebank

Om avdelinga:

Heimetenesta i Øygarden Kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre geografiske soner. Som sjukepleiar i heimetenesta vil du møte brukarar i alle aldrar og med stor variasjon i hjelpebehov. Du får høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje ny erfaring, i eit miljø som er oppteken av å vere fagleg oppdatert. Vi har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/ tiltak.

Arbeidsoppgåver:

  • Heilskapleg omsorg og pleie
  • Sjukepleiarfaglege oppgåver som dosering, palliativ pleie, primærkontakt
  • Ivareta pasientane sine individuelle behov
  • Dokumentasjon
  • Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid
  • Samhandling med pårørande

Kvalifikasjonar:

  • Autorisert sjukepleiar/ vernepleiar
  • Gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå arbeid med eldre
  • Erfaring frå heimetenesta

Personlege egenskaper:

  • Du er engasjert og positiv
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Er ein god teamarbeider
  • Kan jobba sjølvstendig og er løysningsorientert
  • Du er open for nye utfordringar
  • Evner å takle stress og hektiske situasjonar når det er naudsynt
  • Bidra til et godt arbeidsmiljø ved å framme det positive

Anna:

Begge stillingene kan aukast til 100% med 20% i timebank

Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i turnus er løna kr 25 000 per år over tariff i Øygarden kommune.

Vi tilbyr:

  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Kollegaer som trives på jobb
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Høve til å auke stilling med timebank
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Om arbeidsgiveren

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Administrasjonsspråket er nynorsk. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Skjenet, 5354 Straume
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier,
Sykepleier,
Sykepleier

Nøkkelord

sykepleier, sjukepleiar, vernepleiar, helse, hjemmetjeneste

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Brit Larsson
Telefon
55 09 71 82
Følg firma
323 følger dette firmaet

Skjenet, 5354 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 221993584
Sist endret 14. jun. 2021 12:44

Rapporter annonse