Utløpt

Nordens lengste Zipline søker Zipline-operatørar!

Arbeidsgiver
Flåm Zipline AS
Stillingstittel
Ziplineoperatør
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Me søker no etter "Ziplinere" til årets sesong! Me kan garantere deg ein sommar i fantastiske naturomgivelsar og ein jobb langt utanom det vanlege. 


Så kva innebærer jobben eigentleg?

Hjå oss kan du komme innom fleire arbeidsoppgåver. Alt frå billettsal og sykkelutleige til ein luftig start på dagen ned Ziplinen. Køyre UTV, transport av syklar, vedlikehold av syklar, ta av og på seler på kundane - på topp-punktet eller ved endestasjonen.


Sikkerheit er topp prioritet hjå oss. Du må klare å være fokusert på arbeidsoppgåvene. 

Kundar skal kjenne seg trygge på dei som arbeider hjå oss, så god kommunikasjon og godt fokus er viktig.


Kort oppsummert ser me etter deg som:

  • Er over 18 år
  • Har førerkort klasse B
  • Tåler litt vind og vær!
  • Som ikkje har høgdeskrekk - kan være ein fordel, men er ikkje eit krav ;)
  • Er glad i å jobbe med folk
  • Er serviceinnstilt
  • Klarer å jobbe fokusert under press
  • Klarer å behalde ro i til tider stressande situasjonar
  • Snakkar norsk eller engelsk


-I tillegg til operatørar på ziplinen trenger me mekanikarar til å reparere og vedlikeholde syklar og sjåførar til å transportere syklar. Her ser me etter deg som har:


  • Erfaring frå mekanisk arbeid, gjerne erfaring med syklar
  • Førerkort klasse B
  • Snakkar norsk eller engelsk


-Me trenger også personar til å jobbe i kiosken vår, her ser me etter deg som er:


  • Glad i å jobbe med folk
  • Serviceinnstilt
  • Snakkar norsk eller engelsk


Tidsperiode:

27.04-12.10 men også kun for perioden ca 20.06- ca 20.08


Så, viss dette ikkje høyres så aller verst ut, og du kjenner deg att i våre beskrivelsar vil me gjerne høyre får deg! Me har ledige rom i Aurland.

Om arbeidsgiveren

Om Flåm Zipline

Lengde: 1381 meter

Toppfart: omlag 100 km/t

Høgdeskilnad: 305 meter



Ziplinen startar på Vatnahalsen, like ved Bergensbana. Den endar opp i Kårdalen ved Rallarrosa stølsysteri, øvst i Flåmsdalen. Bygge- og oppstartsår: 2018.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Antall stillinger
25
Sted
Flåmsdalsvegen 145A, 5743 Flåm
Bransje
Bil, kjøretøy og verksted,
Event og arrangementer,
Reise og turisme
Stillingsfunksjon
Håndverker / Mekaniker,
Kundeservice,
Mekanikk og installasjon
Arbeidsspråk
Norsk,
Engelsk

Nøkkelord

Turisme, Sommerjobb, fornøyelsespark, zipline, sesongarbeider

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingrid Grymyr
Stillingstittel
Driftsleiar
Mobil
48 20 95 20
Følg firma
25 følger dette firmaet

Flåmsdalsvegen 145A, 5743 Flåm

Annonseinformasjon

FINN-kode 221631080
Sist endret 10. apr. 2024 09:52

Rapporter annonse