Utløpt

Butikksjef i butikk på Bryggen

Arbeidsgiver
Audhild Viken AS
Stillingstittel
Butikksjef
Frist
01.03.2022
Ansettelsesform
Fast

Vi søker ein person som er interessert i å vere butikksjef på vår butikk i Bellgården på Bryggen i Bergen. Butikken inneheld gåver, souvenirar og strikk/tekstilvarer og har i stor grad utanlandske turistar som hovudkundegruppe. Sommaresesongen er veldig hektisk. Fram mot jul så er det moderat aktivitet og frå januar til april er det låg aktivitet.

Vi søker ein person som syns det er spennande med internasjonale kundar og likar sesongvariasjonane i bransjen vår.

Andre egenskapar som vi syns er viktige er:

  • at ein er ansvarsfull og pliktoppfyllande
  • at ein er til å stole på
  • at ein er flink å snakke med kundar og opptatt av å gi god kundeservice
  • at ein minimum meistrar engelsk i tillegg til norsk
  • at ein er flink til å handtere stressa situasjonar
  • at ein likar å ha det reint og ryddig rundt seg
  • at ein er flink med sine tilsette og prioriterer å skape eit godt arbeidsmiljø
  • at ein har erfaring med innkjøp av varer
  • at ein har kjennskap til excel, word og outlook og gjerne andre butikkdatasystem
  • at ein tenker at ein god dag på jobben er ein dag ein har klart å nå omsetningsmålet i tillegg til å ha det kjekt

Til informasjon så har butikkane lange opningstider om sommaren, så ein må vere innstilt på å av og til jobbe seinvakter og i helger.

Som arbeidsgjevar så kan vi tilby gode lønsvilkår, stor variasjon i arbeidsoppgåvene og fleksibilitet i henhold til planlegging av arbeidsdagen. På grunn av sesongvariasjonane så vil ein ha leiaransvar frå 2 - 10 personar i løpet av året.

Stillingen er 100 %.

Om arbeidsgiveren

Audhild Viken AS er eit firma som vart starta i 1947. Utgangspunkt for firmaet var produksjon og salg av vevde produkt frå Jølster. I dag omfattar vareutvalet tekstilar, gåver og suvenirar. Houedkundegruppa er vanlegvis utenlandske turister, men firmaet har no tilpassa konseptet slik at det også skal appelere til norske turistar. Firmaet har butikker i Bergen, Stavanger, Geiranger, Dombås, Førde og Jølster. I Bergen har firmaet 5 butikkar på Bryggen. Desse heiter Tur, Elg, Røst, Julehuset og Audhild Viken.

Sektor
Privat
Sted
Bellgården, 5003 Bergen
Bransje
Butikk og varehandel,
Reise og turisme,
Tekstil
Stillingsfunksjon
Butikksjef,
Ledelse,
Salg

Nøkkelord

butikk, salg, reiseliv, bryggen, Bergen

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Harald Viken
Mobil
95 23 28 88
Følg firma
49 følger dette firmaet

Bellgården, 5003 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 221219367
Sist endret 21. mar. 2022 15:16

Rapporter annonse