Utløpt

Er du klar for ein spanande og gøy lærarjobb?

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Fusa ungdomsskule
Stillingstittel
Undervisningsstilling i tysk
Frist
31.05.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Fusa ungdomsskule har frå 01.08.2021 ledig fast stilling i 36 % som tysklærar

Skulen held til i topp moderne lokale med mange pedagogiske moglegheiter. Her er 170 kjekke elevar og eit utviklingsorientert og humørfylt personale prega av godt samarbeid. Skulen ligg sentralt plassert i Eikelandsosen med idrettsanlegg og fleirbrukshall tett ved.

Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.

Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.

Arbeidsstad
Fusa ungdomsskule

Arbeidsoppgåver
Vi ser etter deg som kan:
- vere ein autoritativ formidlar
- sikre framtidsretta læring
- jobbe systematisk med oppfølging av læring og utvikling hjå elevane
- synleggjere skulen på ein positiv måte
- sikre godt samarbeid mellom heim og skule
- jobbe godt med relasjonsarbeid og ta ansvar for relasjonen til elevane
- samarbeide med andre tilsette i skulen

Kvalifikasjonar
Relevant høgare utdanning på høgskule-/universitetsnivå. Utdanning frå utlandet skal vere NOKUT-godkjent. Du har undervisningskompetanse i tysk.
Søkarar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga. 

Eigenskapar
- Du må ha engasjement, evne og vilje til målretta samarbeid med elevar, tilsette og føresette
- Du er løysningsorientert og har ei proaktiv tilnærming til utfordrande situasjonar og problemstillingar
- Du er fleksibel
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter
Personlege eigenskapar vert vektlagt.

 

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Ein spanande jobb i eit fagmiljø med høg kompetanse, eit stabilt personale og ei engasjert foreldregruppe
- Mange møtepunkt for fagleg utvikling og sosial kontakt
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Her kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.

 

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune blei til 1. januar 2020 etter samanslåinga av kommunane Os og Fusa. Bjørnafjorden har i underkant av 25 000 innbyggarar, og rundt 1800 tilsette. Organisasjonen står framom store endringar og er avhengig av medverknad frå alle tilsette.
Vi oppmodar til involvering gjennom prosjektarbeid, idédugnader og samarbeid tilpassa den enkelte sitt arbeidsmiljø og arbeidskvardag.
Bjørnafjorden kommune skal vere eit raust og attraktivt lokalsamfunn med evne og vilje til nyskaping. For å nå dette målet, samstundes som vi omstiller oss, treng vi tilsette som lyttar med respekt, finn smarte løysingar, er inkluderande og som gjer det dei seier. Vil du vere med på laget?

Sektor
Offentlig
Sted
5640 Eikelandsosen
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer

Nøkkelord

tysk, språklærer, undervisning, ungdomsskole, pedagogikk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Vivi Irene Fosse
Telefon
91 72 77 24
Følg firma
482 følger dette firmaet

5640 Eikelandsosen

Annonseinformasjon

FINN-kode 219004284
Sist endret 18. mai 2021 13:43

Rapporter annonse