Utløpt

Studentkoordinator PASKON

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Studentkoordinator PASKON
Frist
06.06.2021
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Universitetet i Bergen
UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY (https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY)


Studentkoordinator

Det medisinske fakultet søkjer ein motivert student som ønskjer å vere fast koordinator som studentrettleiar i PASKON-faget i medisinstudiet. Ordninga går over delar av to semester, men koordineringsarbeidet går kontinuerleg i løpet av studieåret.


"Pasientkontakt" (PASKON), er ein del av undervisninga av førsteårsstudentane på profesjonsstudiet i medisin. Dette kurset er ein tidleg start på å få meir profesjonsutvikling inn i utdanninga. I faget møter studentane pasientar allereie frå første semester, og skal forsøke å forstå korleis det er å vere sjuk. Kommunikasjonsevne, empati, innlevingsevne og profesjonalitet er kvalitetar som er viktig i arbeidet som lege, det er viktig å starte utviklinga av dette allereie tidleg i studiet. Dette krev god oppfølging og rettleiing! 


Arbeidsoppgåver:

80 timar pr år fordelt på:

  • ta del i rekruttering og tilsetjing av rettleiarar
  • arrangere obligatorisk opplæring av rettleiarar
  • koordinering av grupper og studentane sine obligatoriske læringsaktivitetar
  • kontinuerleg oppfølging av rettleiarar
  • vere ansvarleg for at studentar får god rettleiing av sine rettleiarar (og  tilbakemelding på sine refleksjonsnotat)

Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • for å søkje må du vere medisinstudent på  2. studieår eller eldre
  • det er ein absolutt føremon at søkjar har erfaring med tilsvarande koordinerande arbeid
  • evne til å koordinere fleire forskjellige oppgåver på ulike nivå 
  • gode pedagogiske ferdigheiter
  • gode kommunikasjonsferdigheiter

Vi søkjer deg som

  • likar organisatorisk arbeid
  • ivrig etter å dele kunnskap og erfaring
  • oppteken av pasientkommunikasjon og av kor viktig det er å sjå eit heilt menneske
  • oppteken av medisinsk profesjonalitet

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.


Vi tilbyr:
  • stillinga er timeløna som vit. ass. (kode 1019) i lønssteg 35
  • du vil få attest etter fullført jobb

Søknaden skal innehalde:

Send søknad i form av eit motivasjonsbrev på maks ei side.


Generell informasjon:

Har du spørsmål? Utfyllande informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte:

Professor Edvin Schei (edvin.schei@uib.no )

Studiekoordinator Kirsti Nordstrand (kirsti.nordstrand@uib.no , tlf 55585449) 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor
Offentlig
Sted
Årstadveien 17, 5018 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Skoleassistent,
Undervisning og pedagogikk / Veileder
Følg firma
1203 følger dette firmaet

Årstadveien 17, 5018 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 218574780
Sist endret 28. mai 2021 08:36

Rapporter annonse