Utløpt

Assistent, pasientbiblioteket

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Assistent, pasientbiblioteket
Frist
21.05.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Har du interesse for litteratur og kultur og liker å jobbe med menneske?

Vi treng ein assistent til 20% fast stilling på det flunkande nye pasientbiblioteket på Haukeland universitetssjukehus. Stillinga er ledig frå medio juli 2021.

Vi søker ein person med grunnleggande dataferdigheiter, kunnskap og interesse innanfor eit breitt felt av litteratur, film og kultur generelt. Søkar må vere utadvendt og like å kommunisere med folk av alle lag, aldre, nasjonalitetar og – ikkje minst – menneske som er ramma av ulike grader av sjukdom, og deira pårørande.

Vi er eit bibliotek og ein fristad/kvilerom for pasientar og pårørande. Jobben krev òg noko fysisk kapasitet, da ei ganske tung boktralle skal trillast mellom Sentralblokka og andre avdelingar på området, til dømes Kvinneklinikken. Dette skjer i sjukehusets tunnelsystem. 

Arbeidsoppgåver

  • Skranketeneste, infosøk og anna bibliotekarbeid, samt oppsøkande verksemd med bokvogn
  • Assistenten vil også ha hovudansvar for opplæring, oppfølging og tilrettelegging for frivillige som går med bokvogn

Vi tilbyr

  • Arbeidstid: tirsdag og torsdag 14:30-17:30 samt vikariering i feriar. I tillegg kommer 1 ½ time per veke med bokvogn. Til saman utgjer dette 7 ½ time per veke (20% stilling)

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Arkiv og bibliotek
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Arkivar og bibliotekar

Nøkkelord

Assistent,, pasientbiblioteket, Helse, Bergen

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Trond Blom
Stillingstittel
Bibliotekar
Telefon
90 99 92 34
Kontaktperson
Erik Vigander
Stillingstittel
Kommunikasjonsdirektør
Telefon
90 13 37 71
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 217657788
Sist endret 6. mai 2021 14:32

Rapporter annonse