Utløpt

Vi har ledig fast stilling på natt som sjukepleiar/vernepleiar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Spennande stilling som nattevakt i AFR for sjukepleiar/vernepleiar
Frist
13.06.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Avdeling for rusmedisin (AFR) tilbyr behandling og oppfølging til menneske med rus- og avhengigheitslidingar. Avdelinga satsar også sterkt på forsking og kvalitetsutvikling innan rushelsetenesta.

AFR Skuteviken er ein del av Avdeling for Rusmedisin i Helse Bergen. Institusjonen ligg i Sandviken i Bergen Sentrum. Vi gjer tilbod om rusbehandling til 36 pasientar, fordelt på tre postar. Ein mannspost avrusing, ein kvinnepost avrusing, og ein kvinnepost – langtidsbehandling.

Vi søkjer etter sjukepleiar/vernepleiar og har ledig ei 80% fast stilling og ei 60% fast stilling på natt med jobb pt. kvar 3.helg. 

Arbeidsoppgåver

  • Vi treng ein sjukepleiar/vernepleiar mellom våre fantastiske tilsette på natt, og det kan bli deg! Vi søkjer deg som jobbar fagleg målretta, og er opptatt av å skape ein god kvardag for våre pasientar slik at dei kan oppleve tryggleik, glede og meistring i kvardagen
  • Sjukepleiar/vernepleiar arbeider i tverfagleg team og følgjer pasientane tett under innlegging
  • Oppgåvene er varierte, og inneheld både tradisjonelle sjuke- og vernepleiaroppgåver, samt miljøterapeutiske oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå sjukepleiefagleg arbeid innan somatikk, rus og/eller psykisk helsevern er ein fordel
  • Må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Godt norsk språk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • I tillegg til faglege kvalifikasjonar, legg vi vekt på personlege eigenskapar som samarbeidsevne, fleksibilitet, nysgjerrigheit og evne til sjølvstendig og strukturert arbeid 

Vi tilbyr

  • Fagleg utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Ein variert arbeidsdag
  • Regelmessig internundervising
  • Rettleiing
  • Svært godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Årsturnus/kalenderplan
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Nye Sandviksveien 84, 5032 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Sykepleier

Nøkkelord

Rusmedisin,, sykepleie,, vernepleier,, helse, og

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Mai-Elin Lillevik Hagenes
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Kontaktperson
Karen Beathe Rokkonæs
Telefon
91 66 40 67
Følg firma
2234 følger dette firmaet

Nye Sandviksveien 84, 5032 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 216908094
Sist endret 25. mai 2021 10:03

Rapporter annonse