Utløpt

Det Vestnorske Teateret søkjer programansvarleg

Arbeidsgiver
Det Vestnorske Teateret
Stillingstittel
Programansvarleg
Frist
18.05.2021
Ansettelsesform
Engasjement

 Vi søkjer no etter:  

Programansvarleg 

50 % stilling i 2 års engasjement (kan forlengast)


Vil du vere med på å utvikle Det Vestnorske Teateret sitt kulturtilbod "Nynorsklogen"?

Det Vestnorske Teateret er eit teater i rask utvikling. Vi er i ferd med å utvikle ei vital storstove for nynorsken i Bergen sentrum under programflata "Nynorsklogen" i Logen Bar og no treng vi ein programansvarleg med teft og gründer-evner. 

Programansvarleg skal vidareutvikle ein arena for t. d konsertar, opplesingar, små teaterframsyningar, uformelle møte, samtalar og debattar; altså eit breitt spekter kunstnarlege opplevingar for ei mangfaldig publikumsgruppe. Du vil jobbe tett saman med teatersjef i utvikling av program og konsept og få ein stor grad av ansvar og fridom for denne delen av teateret si verksemd. 

Vi ynskjer oss ein kollega som brenn for å vere i dialog med samfunnet og publikum og som kjenner seg i slekt med den vestnorske språkidentiteten. Du må ha gode samarbeidsevner og meistre praktisk planlegging av arrangement. Personen skal også ha ansvar for å bygge gode relasjonar internt og eksternt og plassere Nynorsklogen i eit felt der andre aktørar også kjenner eigarskap til den.


Ønska kvalifikasjonar:

 

• Høgare relevant utdanning/erfaring. 

• Gode kommunikasjonsevner, særleg nynorsk skriftleg

• God oversikt over kulturfeltet i regionen 

• Erfaring med prosjektleiing og budsjettansvar

• Erfaring med forhandlings- og kontraktsarbeid

• Ha gode digitale kunnskapar og vere strukturert

• Gode formidlingseigenskapar

 

Vi tilbyr:

• Kreativt arbeid i lag med kollegaer og kunstnarleg team

• Variable arbeidsoppgåver

• Fleksibel arbeidstidsordning

• Tariff-festa løn- og pensjonsavtale

Send søknad og cv innan 18. mai.

Har du spørsmål om stillinga? Kontakt teatersjef Solrun Toft Iversen på tlf 952 95 876

 

 

 

 

 

Om arbeidsgiveren

Det Vestnorske Teateret er eit teater for alle som bur i Vestlandsregionen. Teateret har fast scene midt i Bergen sentrum (Logen). Du finn oss også ute på turné i Vestlandsregionen. DVT har ei sterk satsing på ny dramatikk og ein identitet som er forankra i det vestnorske.

Drifta til teateret er støtta av Staten og den største eigaren Vestland fylkeskommune. I tillegg har teateret eigne billettinntekter.

Teateret er inne i ein ombyggingsprosess, venta ferdig i 2023

Vi driv også "Nynorsklogen" som er ei programflate der publikum til dømes kan oppleve musikk, teater debatt og tekstformidling i ulike format i Logen Bar.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Ole Bulls plass 6, 5012 Bergen
Bransje
Kunst og kultur,
Musikk,
Organisasjoner
Stillingsfunksjon
Koordinering,
PR og informasjon,
Prosjektledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Solrun Toft Iversen
Stillingstittel
Teatersjef
Følg firma
36 følger dette firmaet

Ole Bulls plass 6, 5012 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 216878968
Sist endret 11. jun. 2021 11:12

Rapporter annonse