Utløpt

Vil du jobbe med transportøkonomisk analyse på samferdselsområdet?

Arbeidsgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
Seniorrådgivar- transportøkonomisk analyse - 20% stilling
Frist
18.05.2021
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Møre og Romsdal fylkeskommune

Vi søker etter

ein seniorrådgivar med sterk fagleg integritet i eit 3- årig engasjement (20% stilling). Du vil få ansvar for transportøkonomisk analyse på samferdselsområdet. Det er ein spennande marknad i rask utvikling som krev analysar med høg kvalitet.

Som seniorrådgivar vil du arbeide i strategistaben til samferdselsdirektøren, som mellom anna har ansvar for overordna planlegging, større utviklingsprosjekt, strategisk arbeid innan merkevara FRAM og transportøkonomiske analyser.


Du får jobbe med

kvantitativ og kvalitativ transportøkonomisk analyse

  • utarbeiding av utgreiingsrapportar
  • uttrekk, analyse og samanstilling av data
  • ta initiativ til og delta i internasjonale prosjekt
  • særskilt ansvar for analyser og vurderingar innan luftfart og FOT-ruter
  • formidling og visualisering internt og eksternt.

Stillinga er særs viktig for at samferdselssektoren skal gjere dei rette tiltaka til rett tid med rett kvalitet. Som rådgivar vil du arbeide sjølvstendig med arbeidsoppgåver hovudsakleg innan kollektivtransport, men også med analyser på overordna nivå.

Du vil utføre analyser som andre bestiller frå oss, og samtidig må du sjølv ta initiativ til utgreiiingar. Arbeidet du bidrar med skal skape innovasjon og utvikling av tenestene våre.


Vi søker deg som

Har høgare utdanning på minimum masternivå innan eitt av desse områda:

  • Transportøkonomi
  • Samferdselsplanlegging
  • Samfunnsøkonomisk analyse

Stillinga krev at du kan gjennomføre tyngre analyser og arbeide sjølvstendig.

Det er ein fordel om du har erfaring med utgreiingsarbeid. Vi ønsker og at du har erfaring frå prosjektleiing og arbeid i prosjektorienterte miljø. Du må beherske engelsk munnleg og skriftleg.

Vi søker deg som har fagleg integritet, og som er trygg og sjølvstendig innan fagfeltet.

Du:

  • er strukturert
  • har stor arbeidskapasitet
  • har god gjennomføringsevne
  • tar lett initiativ
  • er kreativ
  • er god til å samarbeide med andre
  • trivst i rolla som formidlar


Vi tilbyr

  • ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
  • spennande arbeidsoppgåver som du kan være med på å definere innhaldet i
  • eit aktivt, utviklande og forretningsorientert arbeidsmiljø
  • god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • løn etter avtale


Om arbeidsplassen

I denne jobben blir du ein del av fylkeskommunen sitt tverrfaglege kunnskapsmiljø i Kristiansund. Stillinga som seniorrådgivar er knytt til vårt fagmiljø på fylkeshuset i Molde. Stillinga er fortrinnsvis plassert på Campus Kristiansund, men andre kontorstader kan vurderast. Når Campus Kristiansund sitt første byggetrinn står klart i 2023, vil arbeidsplassen i Kristiansund vere i nyoppussa lokale i F13-bygget rett ved campusområdet.

Stillinga ligg til samferdselsdirektøren sin stab og arbeidet vil vere tett knytt til FRAM som er Møre og Romsdal si merkevare for kollektivtrafikk. FRAM har inntekt og marknadsansvaret for om lag 20 million kollektivreiser kvart år med ei samla årleg omsetning på om lag 725 millionar kroner. Totalt arbeider 39 tilsette på samferdselsområdet med drift og utvikling av kollektivtilbodet i Møre og Romsdal. FRAM vil være representert med 20 tilsette i Campus Kristiansund frå og med hausten 2020. Fylkeskommunen er ein viktig aktør i etableringa av Campus Kristiansund, og vil vere representert med alle sine tyngste fagområde. Saman med fleire andre aktørar skal vi bidra til å skape eit av dei mest attraktive kompetansenettverka i regionen vår

Om arbeidsgiveren

Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Fosnagata 13, 6509 Kristiansund N
Flere arbeidssteder
  • 6412 Molde
Bransje
Konsulent og rådgivning,
Transport og logistikk,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Analyse,
Planlegger,
Prosjektledelse

Nøkkelord

transportøkonomi, samferdselsplanlegging, samfunnsøkonomi, statistikk, samfunnsøkonom

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Arild Fuglseth
Stillingstittel
Samferdselsdirektør
Telefon
71 28 02 67
Mobil
91 53 00 85
Kontaktperson
Hilde Johanne Svendsen
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
71 28 04 30
Mobil
91 60 75 88
Følg firma
311 følger dette firmaet

Fosnagata 13, 6509 Kristiansund N

Annonseinformasjon

FINN-kode 216873714
Sist endret 11. jun. 2021 10:25

Rapporter annonse