Utløpt

Er du interessert i radiohistorie og har gode formidlingsevner?

Arbeidsgiver
Museum Vest
Stillingstittel
Prosjektmedarbeidar
Frist
10.05.2021
Ansettelsesform
Engasjement
Om stillingen

På Rundemanen, 560 m.o.h., ligg Bergen radio sin sendestasjon frå 1912. Den freda stasjonen er eigd av Norsk Teknisk Museum som også har stått for restaureringa av bygningane. No ønskjer me å leggja til rette for at publikum kan bli betre kjente med dette spennande kulturminnet.

I år siktar me oss inn mot Kom deg ut - dagen den 5. september. Me ser for oss ein dag med stor aktivitet inne som ute og med tilbod både til den historisk interesserte og til den som berre er nyfiken.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Museum Vest og Norsk Teknisk Museum i Oslo.

Me søkjer ein medarbeidar i 40% engasjementsstilling i perioden 15. juni - 30.september 2021 som både kan førebu og gjennomføra den opne dagen til hausten.

F.o.m. sommaren 2022 ønskjer me å få på plass ei ordning med faste opningsdagar, såleis kan det vera aktuelt å forlenga engasjementet.


Arbeidsoppgaver
  • Førebu og gjennomføra "Kom deg ut-dagen" 5.september 2021 på Rundemanen

Kvalifikasjonskrav
  • Historisk/teknisk utdanning og/eller interesse
  • Gode formidlingsevner
  • Erfaring med arrangement
  • Evne til å arbeida sjølvstendig
  • Evne til å samarbeida
  • Turglad (Det tek ca. 40 min. å gå opp til stasjonen)

Vi tilbyr
  • God opplæring og oppfølging undervegs
  • Arbeidstida er fleksibel
  • Eit hyggeleg arbeidsmiljø
  • Arbeidsstad i våre kontorer i Sjoddien i Strusshamn
  • Lønn etter tariff - Landsoverenskomsten for museer
  • Pensjonsordning i KLP

Spørsmål om stillingen

Ved spørsmål om stillinga kontakt prosjektleiar Gunnar Furre mob. 970 84 729 eller gunnar.furre@museumvest.no

Spørsmål knytt til utfylling av elektronisk søknadsskjema kan stillast til Jobbnorge på tlf. 970 84 729 kvardagar 08-16 eller på e-post: kundeservice@jobbnorge.no

Me handsamar berre søknadar som kjem inn elektronisk via Jobbnorge.


Om arbeidsgiveren

Norsk Teknisk Museum er nasjonalmuseum for teknologi, industri, naturvitskap og medisin. Museet held til på Kjelsås i Oslo. Her finst meir enn 25 permanente og temporære utstillingar om m.a. energi, olje, industri, fly, bilar og tog. Museet hyser også Oslo Vitensenter og Nasjonalt Medisinsk Museum.

Stiftinga Museum Vest omfattar 8 museum lokaliserte i Bergen og nabokommuane; Norges Fiskerimuseum, Det Hanseatiske Museum og Schøtstuene, Bergens Sjøfartsmuseum, Kystmuseet i Øygarden, Herdla Museum, Nordsjøfartmuseet, Fjell festning og Bjørn West Museet. Museet femner vidt tematisk, men har eit særleg fokus på sjøfart, kystkultur og krigshistorie.

Sektor
Offentlig
Sted
Lyngneset 2, 5302 Strusshamn
Bransje
Museer, gallerier og kulturminne
Stillingsfunksjon
Koordinering,
Planlegger
Følg firma
75 følger dette firmaet

Lyngneset 2, 5302 Strusshamn

Annonseinformasjon

FINN-kode 216029101
Sist endret 23. apr. 2021 15:01

Rapporter annonse