Kraftmuseet søkjer forfattar til spennande bokprosjekt

Arbeidsgiver
KRAFTMUSEET
Stillingstittel
Faglitterær forfattar
Frist
28.05.2021
Ansettelsesform
Prosjekt
Bli kjent med KRAFTMUSEET

Kraftmuseet søkjer forfattar til jubileumsboka for zinkverket Boliden Odda AS (tidlegare Norzink AS) 1924-2024. 

Boliden Odda har drive stort med zinkproduksjon heilt sidan oppstarten i 1924. Med i overkant av 300 tilsette, er Boliden hjørnesteinsbedrift i Odda og av dei større industriverksemdene på Vestlandet. Meir informasjon her: https://www.boliden.com/operations/smelters/boliden-odda 

Den som skal fortelja den fargerike og omfattande historia til fabrikken bør ha høgare utdanning i historie eller liknande - og ein god penn. Det er ein fordel om forfatteren har kunnskap om industrihistorie. Bokprosjektet er rekna til 1, 5 årsverk. Manus til boka skal vera ferdig til august 2023.   

Arbeidet kan eventuelt delast på fleire forfattarar. Forfattar kan sjølv velja om boka skal skrivast på bokmål eller nynorsk. 

Jubileumsboka vert organisert som eit prosjekt, der Kraftmuseet har redaktøransvaret. Ei styringsgruppe med personar frå Boliden Odda AS og Kraftmuseet vil følgja prosjektet. Kontorarbeidsplass blir stilt til disposisjon i Industriarkivet i Odda, ei avdeling av Kraftmuseet. 

Kraftmuseet har hand om det historiske arkivet til Boliden Odda, og gjer dette tilgjengeleg. 

Løn/honorar etter avtale. 

Kontakt ved spørsmål om stillinga: Administrasjonsleiar Mette Haraldsen, tlf. 48137116 

Om arbeidsgiveren

Kraftmuseet i Tyssedal/Odda er eit kulturhistorisk museum med vasskraft og industristad som hovudtema. Dei 18 tilsette jobbar innan ei rekkje museumsdisiplinar, og utgjer eit triveleg arbeidsfellesskap. Dei viktigaste fysiske arenaene til Kraftmuseet er dei freda anlegga Tyssedal kraftverk og Odda smelteverk.

Nettverk
Facebook LinkedIn
Sektor
Privat
Sted
Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Bransje
Museer, gallerier og kulturminne
Stillingsfunksjon
Annet

Nøkkelord

museum, forfatter, historie, industri, historiker

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Mette Haraldsen
Stillingstittel
Administrasjonsleiar
Mobil
481 37 116
Nyhet! Denne annonsen har FINNs "Enkel søknad"

Søk her

Følg firma
3 følger dette firmaet

Naustbakken 7, 5770 Tyssedal

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 216015570
Sist endret 26. apr. 2021 12:10

Rapporter annonse