Utløpt

Sjukepleiar 60% fast nattestilling ved Øygarden lokalmedisinske senter

Arbeidsgiver
Øygarden kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar 60% fast nattestilling ved Øygarden lokalmedisinske senter
Frist
12.04.2021
Ansettelsesform
Fast

Om avdelinga:

Øygarden lokalmedisinske senter inneheld ulike helsetenester, både kommunale, fylkeskommunale og private, i tillegg til spesialisthelseteneste. Stillinga som her vert lyst er knytt mot intermediær og korttidsavdeling, samt ØH-hjelp og palliasjon.

Stillinga blir lagt i årsturnus med 16 helgar.

Alle sjukepleiarar får eit tillegg på 25 000,- Sjukepleiar natt får også eit tillegg på 40 000,-

Arbeidsoppgåver:

  • Oppfølging av pleie og behandling av pasientane
  • Arbeide for å hjelpe pasienten til å nå sine mål
  • Arbeide lojalt og aktivt med Øygarden lokalmedisinske sine kvalitetsrutinar og fagprosedyrar
  • Rettleiing, opplæring og utviklingsarbeid
  • Tverrfagleg arbeid
  • Vere ein god rollemodell for å skape eit kreativt og utviklande fagmiljø

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjons som sjukepleiar

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå arbeid med intermediærpasientar, ØH og kortidspasientar vil bli vektlagt.

Personlege eigenskapar:

  • Du er opptatt av pasienten sin rett til medbestemmelse og involverar pårørande
  • Du ønskjer å jobbe med korttid- , intermediær-, palliasjon-, og ØH-pasienter
  • Du tykkjer det gir meining at dei fleste pasientane har nytte av opptrening og rehabilitering, og vil jobbe for måla som blir sett for pasienten
  • Du viser engasjement i arbeidet ditt
  • Du har respekt for andre og deler din kunnskap med dei som treng det
  • Du er er open, nysgjerrig og gir beskjed når det trengs
  • Du ønskjer eit spanande fagmiljø med godt kollegafellesskap
  • Du har god IT-kunnskap

Anna:

Dersom interne søkjarar, kan anna stilling bli ledig. 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:

Tonje Tangen Alvsvåg Einingsleiar 55097220

Regine Ulveseth avdelingsleiar 55097438

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Om arbeidsgiveren

Øygarden lokalmedisinske senter (LMS) er på 9 300 kvadratmeter og er lokalisert i helseområdet på Straume i Øygarden. Senteret inneheld ulike helsetenester, både kommunale, fylkeskommunale og private, i tillegg til spesialisthelseteneste.

Sektor
Offentlig
Sted
Blombakkane 77, 5354 Straume
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell,
Sykepleier

Nøkkelord

Sjukepleiar, Sykepleier, Sykepleiar, Sjukepleier, Helse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Regine Ulveseth
Telefon
55 09 74 38
Kontaktperson
Tonje Tangen Alvsvåg
Telefon
55 09 72 20
Følg firma
321 følger dette firmaet

Blombakkane 77, 5354 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 212107047
Sist endret 13. apr. 2021 00:18

Rapporter annonse