Utløpt

Sjukepleiar natt/kveld

Arbeidsgiver
Time kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar natt/aften
Frist
11.04.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Time Kommune

Me søker:

Nattavdelingssjukepleiar 31 % stilling fast kombinert med 19 % stilling fast som sjukepleiar på kveld (totalt 50 % stilling) med arbeid kvar 4. helg er ledig på Bryneheimen 1. etasje. 

Me treng ein sjukepleiar som ønsker høg grad av fagleg utvikling og som liker varierte utfordringar. Som nattavdelingssjukepleiar har du det sjukepleiarfaglege ansvaret for heile institusjonen.

Om arbeidsplassen:
Bryneheimen og Sivdamheimen ligg i Bryne sentrum med gangavstand fra togstasjonen. Verksemda Institusjonen i Time kommune har eigen fagutviklarar som har fokus på nytenking, kompetanse, pasientsikkerheit og kvalitet.

Arbeidsoppgåver

-  Du må lika å arbeida både sjølvstendig og i team. 
-  Ha god innsikt, tryggleik og engasjement for sjukepleiarfaga.

Kvalifikasjonar

-  Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
-  Du må ha gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg (tilsvarande B2)
-  Dokumentasjon  er viktig, derfor må du ha gode datakunnskaper
-  Du  må kunna jobba sjølvstendig og vera ansvarsbevisst
-  Du må vera fleksibel og strukturert
-  Ha god fagleg innsikt og tryggheit
-  Kunna delegera og prioritera
-  Du har gode kommunikasjons- og  samarbeidsevner

Andre krav
-  Søkar som har anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråkleg vidaregåande
skule, må minimum ha fått bestått på Bergenstesten, eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må
takast med i eit eventuelt intervju.
-  Politiattest

Personlege eigenskapar

At du er positiv og har engasjement for sjukepleiaryrket 
Me legg vekt på at du er godt eigna for stillinga.

Me tilbyr

-   ein spennande arbeidsplass
-   variert arbeidsplass med fokus på fagleg oppdatering
-   samarbeid, kompetanse og kvalitet
-   bedriftsidrettslag og bedriftskunstforeining

Om arbeidsgiveren

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.

Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggarar, besøkande og næringsliv. Time kommune har ca. 18 900 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.


Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor
Offentlig
Sted
Hognestadvegen 41, 4340 Bryne
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Renate Iversen
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
95 80 95 31
Følg firma
605 følger dette firmaet

Hognestadvegen 41, 4340 Bryne

Annonseinformasjon

FINN-kode 209972433
Sist endret 23. mar. 2021 10:18

Rapporter annonse