BESATT

Noregs råaste sommarjobb - Marknadskoordinator i Hardanger

Arbeidsgiver
Visit Hardangerfjord
Stillingstittel
Markedskoordinator
Frist
15.04.2021
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Dette er ein god moglegheit for deg som er student eller fersk marknadsførar og ein reser på sosiale medier. Hjå Visit Hardangerfjord får du vera med å marknadsføra og styrka den mest spanande destinasjonen i reiselivs-Noreg.

Visit Hardangerfjord er eit destinasjonsselskap som marknadsfører Hardanger-regionen med kommunane Kvam, Eidfjord, Ulvik, Ullensvang og Kvinnherad. Sosiale medier og innhaldsproduksjon har dei siste åra sigla fram som blant dei største satsingsområda våre. I den forbindelse er me på jakt etter dyktig og talentfull marknadskoordinator som kan vera med å løfta fram blant dei største reiselivsikona i Noreg.

I stillinga som marknadskoordinator vil du målretta publisera og kommunisera innhald gjennom sosiale medier og digitale kanalar. I stillinga vil du vera hovudansvarleg for sosiale medier med marknadsføring, kommunikasjon og aktivitetar som motiverer reiselystne turistar. Stillinga byr på spanande utfordringar og stor friheit rundt publisering av innhald. Du får sjølv moglegheita til å påverka idear, konsept og kampanjar retta mot eit nasjonalt og internasjonalt publikum. Me søker etter deg som er motivert til utføra digitale marknadsføringsaktivitetar, samt "hands-on" oppgåveløysing. Det vil også vera behov for praktiske oppgåver som besøk av medlemsbedrifter, distribusjon av trykksaker og varierte marknadsaktivitetar.

Ei sentral rolle vil vera bistå vår Content Marketing Manager med å produsera og publisera godt innhald som motiverer interessentar til å besøka og snakka om Hardanger. Du må kunna kommunisera effektivt gjennom digitale medier og sjå på deg sjølv som ein habil copywriter / innhaldsprodusent.


Arbeidsoppgaver:

  • Styring av sosiale medier og digitale kanalar
  • Bistå i produksjon av innhald - hovudsakeleg tekstar/artiklar og location assistanse
  • Medlemskontakt
  • Vera ein god ambassadør for regionen
  • Generell oppgåveløysing og konseptutvikling


Ønskede kvalifikasjonar:

  • Kompetanse innan SoMe og publiseringsplattformar
  • Habil skribent - norsk og engelsk
  • Basic analyse av nett-trafikk
  • Kreativ, sjølvstendig og sporty
  • Sertifikat på bil


Fordel om du kan fylgjande:

  • Kunnskap om reiselivsbransjen og motivasjonsfaktorar
  • Kjennskap til Hardanger
  • Basic film, foto og redigering


Arbeidsplass: Hardanger

Kontorplass: Norheimsund

Om arbeidsgiveren

Visit Hardangerfjord er eit destinasjonsselskap som marknadsfører Hardanger-regionen med kommunane Kvam, Eidfjord, Ulvik, Ullensvang og Kvinnherad. Vår misjon er å visa fram og korta ned avstanden til den desidert mest spanande regionen i Noreg. Dette gjer me gjennom blant anna produktutvikling, digitale og trykte kampanjar, sosiale medier, bearbeiding av internasjonale turoperatører gjennom workshops og messebesøk, presseturar og pressemeldingar, innhaldsproduksjon og marknadssamarbeid med Fjord Norway og Visit Norway.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
5600 Norheimsund
Bransje
Markedsføring og annonsering,
PR, informasjon og kommunikasjon,
Reise og turisme
Stillingsfunksjon
Markedsfører,
PR og informasjon,
Tekstforfatter

Nøkkelord

markedskoordinator, sosiale medier, innholdsprodusent, content marketing, markedsføring

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Andreas Skogseth
Stillingstittel
Reiselivsdirektør
Mobil
926 64 894
Kontaktperson
Sjur Vågen
Stillingstittel
Content Marketing Manager
Mobil
975 02 497
Følg firma
19 følger dette firmaet

5600 Norheimsund

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 209299621
Sist endret 10. mai 2021 13:04

Rapporter annonse