Utløpt

Psykisk helseteneste - sjukepleiar eller sosionom 2. gongs kunngjering

Arbeidsgiver
Vang Kommune
Stillingstittel
Psykisk helseteneste - sjukepleiar eller sosionom 2. gongs kunngjering
Frist
28.02.2021
Ansettelsesform
Fast

Psykisk helseteneste er eit lågterskeltilbod for alle busette i kommunen.

Tenesta arbeider med terapeutisk tilbod til personar innan psykiatri, rusavhengigheit, livkriser mm.

Det er tre tilsette i tenesta.

Stillinga kan også bli knytt til eit engasjement i 10 % (sum 90% i perioden). Dette er eit pågåande skulehelseprosjekt som er forventa å vare minimum ut året 2021. Hovudsakleg dagarbeidstid, men noko kveldsarbeid må påreknas jamfør prosjektarbeid.

Tilsetting så snart som mogleg

Arbeidsoppgåver

  • Delta i heile tenesta sine gjeremål og utvikling.
  • Hovudsakleg kartlegging og strukturerte samtaler med fokus på pasientens målsetting og betringsprosess.
  • Oppfølging og behandling er individuelt tilpassa, og skjer i tett samarbeid med pasienten sjølv, samt behandlar / fastlege
  • Samarbeid med pårørande
  • Delta/koordinere ansvarsgrupper /individuell plan
  • Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar. 
  • Ein må dokumentere og journalføre jamfør gjeldande lovverk

 

Tenesta deltar også i kommunens psykososiale kriseteam.

Kvalifikasjonar

  • 3-årig utdanning, autorisert sjukepleiar eller sosionom.
  • Gjerne vidareutdanning i rus/psykiatri 
  • Relevant arbeidserfaring

 

Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg 

Førarkort kl. B

Godkjent politiattest

Personlege eigenskapar

  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Vere strukturert og tydeleg
  • Vere profesjonell og syne respekt i møte med pasient og pårørande

 

Personlege eigenskapar og relevant arbeidserfaring blir vektlagd.

Vi tilbyr

  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Lønn etter tariff.
  • God pensjonsordning.

 

Ved eventuell tilsetting av intern søkar, kan denne kunngjeringa også gjelde for stilling som derved blir ledig.

Om arbeidsgiveren

Vestlandsfjell og Austlandsklima er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv. 

Sektor
Offentlig
Sted
Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier,
Sosionom

Nøkkelord

Psykiskhelse, spesialsykepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Suvi Satta
Stillingstittel
Fagleiar
Telefon
47 46 39 43
Kontaktperson
Seija Johanna Kumpula
Stillingstittel
Leiande helsesjukepleiar
Telefon
61 36 95 10
Følg firma
24 følger dette firmaet

Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres

Annonseinformasjon

FINN-kode 207086706
Sist endret 5. feb. 2021 12:15

Rapporter annonse