Utløpt

Spesialpedagog/ pedagog

Arbeidsgiver
Time kommune
Stillingstittel
Pedagog/Spesialpedagog
Frist
08.02.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Time Kommune
Me søkjer ein spesialpedagog/ pedagog i ca 60% fast stilling med oppstart snarast.

Arbeidsoppgåver

Me søker deg som liker ungdom og tek ungdom på alvor. Du må ha fokus på elevane og vera klar til å arbeida i miljøet med dei som treng din kompetanse. Du er ein trygg vaksen og klar for å stå i utfordrande situasjonar. Du må ha fokus på eleven si fungering på skulen, i heimen og i fritida.
Du skal jobba med enkeltelevar og elevar i grupper og i klassar. Du får ansvar for kontakt med heimen for enkeltelevar, å tilrettelegga ulike fag, skriva deler av individuelle opplæringsplanar og ansvar for å bidra i samarbeidsmøte. 

Kvalifikasjonar

Godkjent utdanning som grunnskulelærar/ allmennlærar, eventuelt med vidareutdanning i spesialpedagogikk.

Kompetanse innan språkvanskar, adhd/autisme er positivt.
Relevant utdanning og erfaring vil leggast vekt på, i tillegg til personlege eigenskapar.
Den som vert tilsett må legga fram godkjent politiattest. 

Personlege eigenskapar

Viktige personlege eigenskapar er gode evner til samarbeid, tålmod, kunna jobba sjølvstendig, vera fleksibel og god på relasjonar.
Du må vera oppteken av at eleven står i sentrum og at eleven skal høyra til i ein sosial samanheng. Du må vera tydeleg, systematisk og ryddig. Du må vera positiv og realistisk, og ha vilje og evne til å skapa tillit i samspelet med elevar og andre vaksne på skulen.
Du må ha eit stort engasjement for elevane. 

Vi tilbyr

Me tilbyr ein spennande og utfordrande jobb i eit godt og inkluderande miljø. Lye ungdomsskule har 20 tilsette, og 118 elevar med to klassar på kvart trinn. Skulen stod ferdig i 1996, og har alt på eitt plan. Me har sambruk med Lye skule ift idrettshall og andre spesialrom. Skulen ligg flott til i Lyebygda rett ved idrettsanlegget.

Om arbeidsgiveren



"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.

Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggarar, besøkande og næringsliv. Time kommune har ca. 18 900 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.


Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor
Offentlig
Sted
kvartsvegen 5a, 4340 Bryne
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Spesialpedagog

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingeborg Sagen Milner
Stillingstittel
Rektor
Telefon
51 77 83 71
Følg firma
345 følger dette firmaet

kvartsvegen 5a, 4340 Bryne

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 205293974
Sist endret 20. jan. 2021 14:45

Rapporter annonse