Utløpt

Skjoldvegen barnevernsenter har ledig inntil 4 stillingar som miljøterapeut i 48- 60% stilling

Arbeidsgiver
Barne-, ungdoms- og familieetaten
Stillingstittel
Miljøterapeut
Frist
10.12.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)
Om stillingane

Skjoldvegen barnevernsenter har ledig inntil 4 stillingar som miljøterapeut i 48- 60% stilling i toskiftturnus med arbeid kvar 3. helg.

Stillingane som miljøterapeut i deltidstilling inneber eit ansvar for målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebevisst omsorg, senteret sine retningslinjer og faglege rettleiarar. Miljøterpeutane arbeider sjølvstendig i team med to til tre miljøterapeutar/ miljøarbeidarar i dag- og kveldsvaktar med arbeid kvar 3. helg. Dei deltek og har ansvar for møter som omhandlar ungdommane, overlapping ved vaktskifte, praktisk rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon. Dei vert oppmoda om å delta i fagmøter og rettleiing. Miljøterapeutane har praktiske, huslege oppgåver og vedlikehald i og rundt avdeliga i løpet av vaktane.


Arbeidsoppgåver/ansvarsområde
  • Skjoldvegen barnevernsenter arbeider i et traumebevisst perspektiv gjennom Målstyrt Miljøterapi og Omsorgs - og endringsmodellen (OEM).
  • Til einkvar tid halde seg oppdatert på fagmodellar og anna fagleg rammeverk.
  • Utarbeiding og oppfølging av handlingsplanar i samarbeid med ungdom.
  • Motivere og engasjere ungdommane i endringsarbeid, samt sikre at ungdommane får medvirke i eige liv, og oppleve tryggleik og trivsel medan dei bur hos oss.
  • Samarbeid med familie og nettverk, helseinstansar, kommune, skule og andre viktige instansar.
  • Ansvar for inntaksmøter og andre samarbeidsmøter.
  • Delta i overlapping ved vaktskifte, ansvar for praktiske oppgåver og rutiner i institusjonen.
  • Kartlegging, rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon. 

Kvalifikasjonskrav
  • Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernpedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng. Dette gjer tilsetting i stillingskode 1494 sosionom, 1495 barnevernsepedagog eller 1508 vernepleiar. 
  • Søkjarar med anna relavant fagleg utdanning kan vurderast. Det vert då stilt krav til erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
  • Krav til god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
  • God fysisk og psykisk helse.
  • Førarkort klasse B.

Kven søkjer vi?
  • Vi søkjer deg som er ein trygg, tydeleg og tillitsvekkjande vaksen med godt humør, som likar å arbeide med og for ungdom. Du rommar ungdomane og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, og arbeidar aktivt for å skape forståing og endring, samt ivareta ungdomane sine behov og rettigheiter best mogleg.
  • Du har evna til å la deg engasjere, og kan engasjere og motivere andre.
  • Du har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevnar, og er ein bevisst positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet.
  • Du er fleksibel, trivs med utfordringar og tåler hektiske og spannande kvardager. Du ynsker å være ein del av ein velorganisert kvardag, har forståing for og vil bidra til oppfølging av gjeldande strukturar og rutinar.
  • Du har evne til å utøve ansvarlegheit i det sjølvstendige arbeidet og evne til å samarbeide i team.
  • Du kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding.
  • Du har evne til å analysere utfordringar og vurdere forslag til løysing.

Personalgruppas samansetning og at søkjaren er personleg egna vil bli vektlagd i tilsetjinga. 


Vi tilbyr
  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar, 1489 miljøterapeut i lønsramme 15, alt. 5-11, p.t. kr 387 900 - 498 800 pr. år (ltr. 40-56). Avlønning og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Variable turnustillegg kjem i tillegg til grunnlønn. 
  • Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Opplysningar til deg som søkjar
  • Inkludering og mangfald er ei styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedstting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkjer til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst ein i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar brukar vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Skjoldvegen barnevernsenter. 
  • Politiattest vert krevd ved oppstart, jf. lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

Kontaktinformasjon
  • Avdelingsleiar Kristin Matre, tlf. 466 19 406
  • Einingsleiar Toril Dyngen, tlf. 466 15 516

Søknad med CV vert å senda elektronisk via lenkje på denne sida.

Vitnemål, samt attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit ev. intervju.

Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat, region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.

Skjoldvegen barnevernsenter er eit omsorgstiltak i Bergen for barn og unge i alderen 13 - 18  år. Vi tek i mot plasseringar etter Lov om barneverntenester § 4-4, 4.ledd og § 4-12. Skjoldvegen barnevernsenter skal gjennom traumebevisst omsorg og Omsorgs- og endringsmodellen etablere profesjonelle omsorgsrammer som legg til rette for endring og utvikling. Senteret har tre avdelingar; i Fyllingsdalen, på  Søfteland og Skjold med til saman 14 plasser. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, rettleiing og spanande utfordringar.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Skjoldvegen 51, 5221 Nesttun
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Omsorg og sosialt arbeid

Nøkkelord

barnevern, omsorgssenter, miljøterapeut, deltid, Målstyrt Miljøterapi og Omsorgs - og endringsmodellen

Følg firma
4304 følger dette firmaet

Skjoldvegen 51, 5221 Nesttun

Annonseinformasjon

FINN-kode 199717493
Sist endret 25. nov. 2020 21:31

Rapporter annonse