Utløpt

Fast stilling for sjukepleiar p.t på natt

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Fast stilling for sjukepleiar pt på natt
Frist
13.12.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

På seksjon Askøy i Avdeling for rusmedisin vil du som sjukepleiar arbeide i tverrfagleg team.

Avdeling for rusmedisin består av fem døgnseksjonar, ein seksjon for forsking, ein LAR seksjon, ein ambulant seksjon og to poliklinikkar. 

Seksjon Askøy er ein døgneining for avrusing og døgnbehandling og held til i moderne, flotte lokale kun ein halv times køyretid frå Bergen sentrum. Det er òg godt båt- og bussamband til Askøy. 

Seksjon Askøy tar i mot ruspasientar med samansette problem. Vi har 12 senger for elektiv behandling av menn med rusproblem, der ein mellom anna jobbar med indivuell tilnærming og gruppeterapi. Her er det òg ein brukarstyrt seng. Seksjonen har i tillegg ein avrusingseining med 13 senger for pasientar som har eit ØH-behov for avrusing. Pasientane har ofte underliggjande psykiske, akuttpsykiatriske problemstillingar, kognitive og somatiske plager som ikkje har blitt diagnostisert tidlegare på grunn av rusbruk. Vi kartlegg og diagnostiserer desse plagene for å finne ut kor pasientane vil få best hjelp. Målet er å leggje til rette for eit best mogeg og individuelt tilpassa behandlingsforløp for kvar pasient.

Vi har ledig ein fast 57% stilling for sjukepleiar pt på natt i seksjon Askøy, med arbeid i snitt kvar tredje helg.

Tiltredelse vil skje etter nærare avtale. 

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefaglege oppgåver og generell pasientoppfølging

Kvalifikasjonar

  • Gode språkkunnskapar er helt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknaden
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Erfaring med arbeid innan rusbehandling og/eller psykisk helsevern er ein fordel 

Personlege eigenskapar

  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og saman med andre
  • Du tåler å stå i krevjande situasjonar

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Godt arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Lønn i henhald til gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Haugane 8, 5307 Ask
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier

Nøkkelord

Fast, stilling, for, sjukepleiar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Vibeke Handeland
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
56 15 51 60
41 66 32 04
Følg firma
2255 følger dette firmaet

Haugane 8, 5307 Ask

Annonseinformasjon

FINN-kode 199631165
Sist endret 25. nov. 2020 08:07

Rapporter annonse