Utløpt

Deltidsekspeditør

Arbeidsgiver
Vinmonopolet
Stillingstittel
Deltidsekspeditør
Frist
15.12.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med A/S Vinmonopolet
Deltidsekspeditør

Vi treng deltidsekspeditør til vår butikk i Steigen. Tenesta er for tida i Steigen.

Stillingsstorleiken er på 16 timar per veke. 

Du bør ha 3-årig vidaregåande skole (eller tilsvarande kompetanse) og erfaring frå butikkarbeid. Du må vere serviceinnstilt, vise initiativ og ha gode samarbeidseigenskapar. Det er òg ønskjeleg med grunnleggjande datakunnskapar.

I organisasjonen vår er det eit mål å oppnå ein balansert samansetnad når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Alt salspersonale hos oss må vere over 20 år.

Vi gjennomfører bakgrunnssjekker på aktuelle kandidatar via vår partnar Semac AS, www.semac.no. 

Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte butikksjef Maria Strand på tlf: 974 29 226.

Send søknad elektronisk via lenkja på denne sida.

Søknadsfrist: 15. desember 2020.

Treng du hjelp til å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet, kan du kontakte Jobbnorges kundeservice på telefon 75 54 22 20. Vitnemål og attestar tek du med dersom du bli kalla inn til intervju.


Om arbeidsgiveren

Vinmonopolet er det viktigaste verkemiddelet samfunnet har for ansvarleg sal av alkohol, med einerett på sal av vin, brennevin og sterkøl med over 4,7 prosent alkohol. Vi har om lag 2 000 stolte, engasjerte og dyktige tilsette fordelte på drygt 330 butikkar over heile landet i tillegg til kundesenter, netthandel og administrasjon. Vinmonopolet er verdas største vinbutikk, med 21 000 produkt frå heile verda i sortimentet.

I 2019 omsette vi for 17,9 milliardar kroner.

Vi skal halde fram med å gi Noregs beste kundemøte, prega av fagkunnskap, service og ansvarlegheit. Verdiane vi bruker for å nå dit, er at vi skal vere rause, solide og dynamiske.

 

Sektor
Offentlig
Sted
Leinesfjord, 8283 Leinesfjord
Bransje
Butikk og varehandel
Stillingsfunksjon
Butikkansatt
Følg firma
2713 følger dette firmaet

Leinesfjord, 8283 Leinesfjord

Annonseinformasjon

FINN-kode 199539438
Sist endret 24. nov. 2020 11:52

Rapporter annonse