Fjordhagen søkjer engasjert bedriftsutviklar

Arbeidsgiver
Fjordhagen AS
Stillingstittel
Rådgjevar
Frist
29.11.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Fjordhagen AS

Fjordhagen AS søkjer engasjert økonom til 60% stilling som bedriftsrådgjevar. Som rådgjevar vil du få ein variert arbeidskvardag med stort ansvar for bedriftsutvikling på indre Sunnmøre. 

Vi søkjer deg som er interessert i forretningsutvikling og som brenn for rådgjevarfaget. Vidare har du stort samfunnsengasjement, og er spesielt interessert i bygdeutvikling. Det er moglegheit for større stillingsprosent på sikt, du vil få vere med å bestemme nye satsingsområde. Vi ønskjer deg som har stor vilje og motivasjon, og som vil vere med å vidareutvikle Fjordhagen sitt forretningskonsept. 

Nokre arbeidsoppgåver:

·       Rådgjeving av nystarta og etablerte bedrifter

·       Planlegging og gjennomføring av aktivitetar i Fjord næringsforum

·       Oppdatering av nettside og sosiale media

·       Arbeide proaktivt for å identifisere behov for lokalt næringsliv

·       Prosjektarbeid 

Vi søkjer deg som har utdanning innan økonomi og administrasjon, minst på bachelornivå. Lang arbeidserfaring kan kompensere for manglande utdanning. Det er ønskeleg at du har spesialisering innan innovasjon, HR, reiseliv, berekraft, marknadsføring/sal eller liknande. Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt. 

Personlege eigenskapar:

·       Sjølvstendig

·       Gode samarbeidsevner

·       Ansvarsbevisst 

·       Proaktiv

·       Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner 

Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår, spanande arbeidsoppgåver, stor fleksibilitet og godt arbeidsmiljø. Du blir ein del av eit tverrfagleg kontorlandskap der forholda ligg til rette for kompetansedeling og samarbeid.

Ta kontakt med Terese J. Moen på tlf. 928 05 659 dersom du har spørsmål om stillinga.

Om arbeidsgiveren

Fjordhagen er eit næringsutviklingsselskap som hjelper med oppstart og vidareutvikling av bedrifter, samt driv prosjektarbeid innan samfunn- og næringsutvikling. Vi arbeider for å utvikle eit berekraftig næringsliv som skapar lokale heilårsarbeidsplassar, lokal busetting og lokal samfunnsutvikling. Fjordhagen er hoppid-kontor, og tilbyr gratis rettleiing, tilbod om kurs og opplæring, og råd om tilskot og finansiering til nystarta bedrifter. Vi skal vere ein pådrivar for regional næringsutvikling og auka verdiskaping også i etablerte bedrifter. Vi held til i næringshagen i Valldal, eit dynamisk, kompetent og sosialt kontorfellesskap. For meir informasjon, sjå www.fjordhagen.com.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
6210 Valldal
Bransje
Konsulent og rådgivning,
Markedsanalyse,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Forretningsutvikling og strategi,
Koordinering,
Rådgivning

Nøkkelord

rådgiver, næringsliv, næringsutvikling, innovasjonsprosesser, bedriftsrådgivning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Terese Jemtegård Moen
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
928 05 659
Nyhet! Denne annonsen har FINNs "Enkel søknad"

Søk her

Følg firma
1 følger dette firmaet

6210 Valldal

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 198123675
Sist endret 12. nov. 2020 13:46

Rapporter annonse