Utløpt

IT-assistentar ved UiB

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
IT-assistentar ved UiB
Frist
24.11.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY (https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY)


IT-assistentar - deltid

Universitetet i Bergen, er en anerkjent utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i syv fakultet og rundt 54 institutt og sentre. Campus ligg i sentrale deler av Bergen, med universitetsområda på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

IT-assistentane er IT-avdelinga sitt ansikt i møte med andre studentar på heile UiB. IT-assistentane er vanlegvis studentar med gode IT-kunnskap og serviceinnstilling som arbeider ca. 10-12 timer i veka ved sida av studiet. Derfor oppmodar vi studentar til å søkje.

Arbeidet er organisert som ein turnus. Omfang og tider kan, innan rimeleg omsyn, variere etter behov og ønske. IT-assistentane har eigen arbeidsplass med PC.

Vi har pr i dag 3 ledige stillingar, det kan og bli aktuelt å tilsette fleire.
Oppstart i uke 2 etter avtale.


Arbeidsoppgåver:
  • Tilsyn med teknisk utstyr i auditorium og undervisningsrom og brukarstøtte til brukarar av dette utstyret.
  • Tilsyn med datamaskiner og skrivarar i PC-stover. Enklare teknisk driftsarbeid med PC-ar, skrivarar og nettverkskabling/-komponentar.
  • Brukarstøtte og hjelp til studentar.
  • Informasjon og rettleiing av brukarane. Formidling av informasjon mellom brukarane og IT-avdelinga/fakulteta.
  • Ta del i forbetringar og utvikling av IT-tenestene for studentar saman med IT-avdelinga og fakulteta.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Du må minst vere i ferd med å fullføre ein bachelorgrad.
  • Du må vere løysingsorientert og praktisk anlagt.
  • Du må jobbe godt i team.
  • Vi krev god generell teknisk kunnskap, og kunnskap om Windows (gjerne også Mac eller Linux) og programvare. Like viktig er det med ei generell positiv og serviceinnstilt haldning. IT-avdelinga vil gje opplæring i dei konkrete arbeidsoppgåvene og i rutinar, reglement m.m. som er aktuelle.
  • Dei som skal tilsettast må kunne snakke norsk flytande.
  • Det er et ønske at søker har kjennskap til UiB og UiBs tenester.
  • Jobben passar for studentar med interesse for IT og god røynsle med PC-bruk. Ein må ha grunnleggande IT-forståing og -kunnskapar, men treng ikkje IT-utdanning.

Andre kvalifikasjonar som blir vektlagt:

  • Erfaring frå serviceyrke.
  • Erfaring med å samarbeide med andre, og kunne jobbe sjølvstendig.

Vi tilbyr:
  • Deltidsstilling som Teknikar (kode 1090)LR.03.3 i lønnstrinn 23 - 35( for tida kr. 316 500 - 364 400 brutto i full stilling) i det statlege regulativet etter tjenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Mette Iversen Heggem, telefon 97557124, e-post: mette.heggem@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket skal evaluerast av Difi, som behandlar anonyme opplysningar av tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeidd statistikk over resultata av forsøket. Opplysningar om enkelpersonar blir ikkje levert ut til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Christiesgt. 18, 5020 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
IT drift og vedlikehold / IT-support
Følg firma
607 følger dette firmaet

Christiesgt. 18, 5020 Bergen

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 197914503
Sist endret 10. nov. 2020 14:43

Rapporter annonse