Utløpt

Faste stillingar på helg ved Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP), Seksjon S3

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Faste stillingar på helg ved Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP), Seksjon S3
Frist
01.11.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Har DU lyst på nye utfordringar?  Er du student innan helsefag?

Seksjon S3 er ein akutt, lukka post med 9 sengeplassar og skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken Sjukehus. Seksjon S3 si oppgåve er å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å tryggje utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod.

Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelinga er ein spennande og utfordrande arbeidsplass med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter.

Vi har ledig tre 14% faste helgstillingar med arbeid pt. kvar 3. helg med oppstart etter nærare avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Følgje opp pasientar sin behandlingsplan
  • Byggje relasjonar til pasientane
  • Bidra til eit trygt og forutsigbart postmiljø
  • Praktiske oppgåver
  • Ansvarsvakt (sjukepleiar/ vernepleiar)
  • Administrering av medisinsk behandling (sjukepleiar/ vernepleiar)
  • Planleggje og iverksetje behandlingsplanar og miljøtiltak (sjukepleiar/ vernepleiar)

Kvalifikasjonar

  • Studentar innan helsefag, psykologi og sosialfag kan gjerne søkje
  • Sjukepleiar/ vernepleiar/ helsefagarbeidar må ha norsk autorisasjon
  • Det blir lagt vekt på å vere personleg eigna
  • Søkjar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer medarbeidarar som:

  • har respekt for kvar enkelt pasient
  • er sjølvstendige, løysingsorienterte og målretta
  • har god struktur, men samstundes evne til å vere fleksible
  • har gode kommunikasjonsevner
  • har evner til å førebyggje konfliktar og aggresjon, og å ivareta og handtere engstelege og/ eller agiterte pasientar
  • er tilpassingsdyktige og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning
  • er serviceinnstilt overfor pasientar og kollegaer
  • trivast i eit utfordrande og til tider hektisk miljø
  • ønskjer og evner å motta rettleiing

Vi tilbyr

  • Eit dynamisk miljø med mange utfordringar og læresituasjonar
  • Kursing i MAP (Møte med aggresjonsproblematikk)
  • Fagleg og personleg utvikling/ tverrfagleg internundervising
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Sandviksleietet 1, 5036 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Psykiatri,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Sykepleier,
Helsepersonell,
Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier

Nøkkelord

helsefag,, student,, helgestilling,, sykepleie,, vernepleie

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Sigurd Jakobsen
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 95 85 30
Kontaktperson
Jeanette Westerås
Stillingstittel
Ass.seksjonsleiar
Telefon
55 95 87 34
Følg firma
2253 følger dette firmaet

Sandviksleietet 1, 5036 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 193265312
Sist endret 30. sep. 2020 11:36

Rapporter annonse