Utløpt

Sjukepleiarar 60 % fast stilling , Sotra legevakt

Arbeidsgiver
Øygarden kommune - Sotra legevakt
Stillingstittel
Sjukepleiarar 60 % fast stilling , Sotra legevakt
Frist
22.09.2020
Ansettelsesform
Fast

 

Om avdelinga

Sotra legevakt er ei 24-timers legevakt. Vi er godt organisert og har eit godt arbeidsmiljø.

Legevakta har nye og moderne lokale i Øygarden lokalmedisinske senter, sentralt plassert på Straume.

Vi nyttar anerkjende støtteverktøy som Norsk medisinsk indeks og SATS Norge til pasienttriage. Journalsystemet vårt er Infodoc.

Vi aukar no bemanninga og søkjer difor etter 4 nye sjukepleiarar. Det vil verta mogleg med  timebank i tillegg for å få større stilling.

  

Arbeidsoppgåver:

  • Svare og triagere pasientkontaktar
  • Enkelt laboratoriearbeid
  • Assistere legen
  • Diverse forefallande arbeid

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Autorisert sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Sertifikat klasse B
  • Gode IKT kunnskapar

 

Ønskjeleg med:

  • Relevant vidareutdanning
  • Erfaring frå legevakt
  • Minimum fire års erfaring som sjukepleier

 

Personlege eigenskapar:

  • Gode kommunikasjons ferdigheiter
  • Kunnskapsrik
  • Sjølvstendig
  • Påliteleg
  • Evne til å handtere akutte hendingar

 

Anna

Vi legg stor vekt på at du er personleg egna til stillinga. Vi har årsturnus med arbeid ca kvar 3. helg.

Sjukepleiarar i fast turnus vert løna kr 25. 000,-  over gjeldande tariff

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Om arbeidsgiveren

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Sektor
Offentlig
Sted
Blombakkane 77, 5354 Straume
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Christin Mork
Telefon
55 09 63 92
Følg firma
323 følger dette firmaet

Blombakkane 77, 5354 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 190806404
Sist endret 8. sep. 2020 15:52

Rapporter annonse