Utløpt

Sesongmedarbeidarar heiltid/deltid

Arbeidsgiver
Voss Resort
Stillingstittel
Sesongmedarbeidar
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Sommer/Sesong
Bli kjent med Voss Resort AS

Vil du jobba i Noregs beste skiterreng?

Me søkjer sporty og engasjerte jenter og gutar som likar seg i snjoen. Voss Resort har ledige sesongbaserte stillingar frå desember til april. Du er vårt ansikt utad så du må by på deg sjølv, lika å vera ute i ver og vind, og ha glimt i auga.


Til vintersesongen 2020/2021 søkjer me personale til fylgjande stillingar: 

  • Heisførar, (heiltid/deltid, må vera over 18 år og norsktalande)
  • Skipatrulje (søkar bør ha relevant erfaring/helsefagleg bakgrunn)
  • Hjelpemannskap heis u 18 år (helg)
  • Gondolvert/servicepersonal Voss Gondol (deltid, passar godt for student/skuleelev/pensjonist som vil jobba litt)
  • Kafemedarbeidarar heiltid/deltid (helg/veke)
  • Reinhaldsmedarbeidarar, (helg/veke)
  • Sertifiserte skiinstruktørar (VRSS)
  • Aktivitetsleiarar Skiskulen (helg/feriar)
  • Barpersonale Hangurstoppen
  • Servitørar Hangurstoppen 
  • Ryddehjelp Hangurstoppen   


Me tilbyr ein sosial arbeidsstad i ein spanande og hektisk bransje, med hyggelege kollegaer og mykje godt humør.

Stillingane er heiltid eller deltid innanfor sesongen, med turnusarbeid i helgar og feriar. Nokre av stillingane innebere kvelds- og nattarbeid. Dei fleste stillingar er helgearbeid og kan kombinerast med studiar.


Obs, hugs å presiser kva stilling du søkar på i søknaden din.

Om arbeidsgiveren

Voss Resort er eit av landets største skianlegg med ein lang og stolt tradisjon. Det er investert nær 300 millioner kroner i heisar og nedfarter dei siste åra. Mot sesongen 2020/2021 utvidar me snjoproduksjonsanlegget ytterligare. Ny gondol frå togstasjonen til Hangurstoppen, samt ny restaurant på toppen opna somaren 2019. Med dette er Voss Resort ein av Noregs beste heilårsdestinasjonar, med aktivitet året rundt.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Antall stillinger
20
Sted
Bavallsvegen 227, 5710 Skulestadmo
Bransje
Hotell og overnatting,
Reise og turisme,
Restaurant, mat og uteliv
Stillingsfunksjon
Hotell og overnatting / Service/servering,
Kundeservice

Nøkkelord

Heisfører, skiinstruktør, kafemedarbeider, servitør og bartender, skianlegg

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Karethe Hoft Solstad
Stillingstittel
Kontorleiar
Følg firma
134 følger dette firmaet

Bavallsvegen 227, 5710 Skulestadmo

Annonseinformasjon

FINN-kode 189163501
Sist endret 6. okt. 2020 11:44

Rapporter annonse