Utløpt

Deltidsekspeditør

Arbeidsgiver
Vinmonopolet
Stillingstittel
Deltidsekspeditør
Frist
31.07.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med A/S Vinmonopolet
Deltidsekspeditør

Vi treng deltidsekspeditør til vår nye butikk i Sand. Tenesta er for tida i Sand.

Stillingsstorleiken er på 13 timar per veke. 

Du bør ha 3-årig vidaregåande skole (eller tilsvarande kompetanse) og erfaring frå butikkarbeid. Du må vere serviceinnstilt, vise initiativ og ha gode samarbeidseigenskapar. Det er òg ønskjeleg med grunnleggjande datakunnskapar.

I organisasjonen vår er det eit mål å oppnå ein balansert samansetnad når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Alt salspersonale hos oss må vere over 20 år.

Vi gjennomfører bakgrunnssjekker på aktuelle kandidatar via vår partnar Semac AS, www.semac.no. 

Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte butikksjef Siri Krumsvik på tlf: 911 42 709.

Send søknad elektronisk via lenkja på denne sida.

Søknadsfrist: 31.07.2020.

Treng du hjelp til å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet, kan du kontakte Jobbnorges kundeservice på telefon 75 54 22 20. Vitnemål og attestar tek du med dersom du bli kalla inn til intervju.


Om arbeidsgiveren

Vinmonopolet er samfunnets viktigaste verkemiddel for ansvarleg sal av alkohol, organisert som netthandel, butikkjede og kundesenter med einerett på sal av vin, brennevin og sterkøl over 4,7 prosent. Vi har om lag 2000 tilsette, og over 330 butikkar over heile landet.

Vinmonopolets visjon er å vere ønska av alle, gjennom å tilby Norges beste kundemøte prega av fagkunnskap, service og ansvarlegheit. Vinmonopolet er verdas største vinbutikk, med fleire enn 21 000 produkt. Omsetnaden i 2018 var 17,3 milliardar norske kroner.

 

Sektor
Offentlig
Sted
Sand, 4230 Sand
Bransje
Butikk og varehandel
Stillingsfunksjon
Butikkansatt
Følg firma
2715 følger dette firmaet

Sand, 4230 Sand

Annonseinformasjon

FINN-kode 184402037
Sist endret 10. jul. 2020 00:00

Rapporter annonse