Utløpt

Ledig stilling som lærar Enge skule - 60 %

Arbeidsgiver
Etne kommune / Enge skule
Stillingstittel
Lærar Enge skule 60 %
Frist
01.08.2020
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med ETNE KOMMUNE

Enge skule søkjer etter lærar i 60% stilling for skuleåret 2020/21 med moglegheit for forlenging. Stillinga kan bli opp mot 80%. Ledig frå 01.08.20 til og med 31.07.2021.

Enge skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule (1.-10. klasse) med SFO og den ligg i sentrum av Etne. Skulen har gode fasiliteter m.a med eit heilt nytt ungdomsskulebygg i Skakkesenteret. Skulen har ca 400 elevar og to parallellar på alle årstrinn.

Skulen har òg ansvar for drifta av vaksenopplæringa i kommunen.

Enge skule er ein skule i utvikling og endring. Skulen er nyleg blitt heildigital ved at samtlege elevar frå 1.- 10.klasse nyttar iPad i undervisninga. Skulen har særleg fokus på inkluderande skulemiljø, og me er m.a ein MOT skule. Skuleåret 2020/21 vil me ha eit stort fokus på nye læreplanar og fysisk aktiv læring.

Skulen har eit fagleg dyktig kollegiet med høg grad av trivsel. Totalt er me rett i overkant av 80 tilsette på skulen, SFO og vaksenopplæringa. Leiinga ved skulen har nyleg vore gjennom ein omorganiseringsprosess, alle i leiinga er relativt nye og består av rektor samt 3 avdelingsleiarar og merkantil ressurs.

Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Etne er eit godt utgangspunkt for turar til byane Haugesund, Stavanger, Bergen, øyriket i SunnhSunnhordland, Hardangerfjorden og Ryfylkefjordane. Det er over 100 aktive lag og foreiningar i kommunen, så fritidstilboda er mange.

Arbeidsoppgåver

Undervisning 1. - 4.trinn.


Ønska kompetanse:

Krav:

Godkjent allmenlærarutdanning eller anna tilsvarande godkjent utdanning frå høgskule eller universitet, i henhold til gjeldande krav for tilsetting.

Skulen ønskjer fortrinnsvis lærar med grunnskulelærarutdanning for 1. - 7.klasse med fordjupning innan faga norsk og matematikk. I tillegg vil det vera ønskjeleg med gode digitale ferdigheiter, og då særleg på iPad.


Personlege eigenskapar

Me søkjer etter ein vaksen som:

- er samarbeidsvillig og fleksibel.

- tek ansvar og er ein tydelig vaksen.

- har god relasjonskompetanse.

- er strukturert.

- kan syne til høgt nærvær.

Det legges stor vekt på personlege eigenskapar.


Anna:

Ved arbeid i skule, barnehage, sfo, kulturskule og miljøarbeidstenesta skal det og leggast fram godkjend politiattest.

Ved arbeid i skule/barnehage eller pleie og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på negativ tuberkuloseundersøking før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn 3 mnd. Treng du meir opplysning om dette, ta kontakt med helsestasjonen. Tilsett i pleie- og omsorg må i tillegg leggja fram dokumentasjon på negativ MRSA-test.

Ynskjer ikkje kontakt med rekrutteringsselskap eller seljarar.

Sektor
Offentlig
Sted
Sjoarvegen 2, 5590 Etne
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jon Nielsen
Stillingstittel
rektor
Mobil
97 77 60 61
Kontaktperson
Silje Tjelmeland Øren
Stillingstittel
avdelingsleiar
Telefon
53 75 81 85
Følg firma
20 følger dette firmaet

Sjoarvegen 2, 5590 Etne

Annonseinformasjon

FINN-kode 184113501
Sist endret 18. aug. 2020 09:52

Rapporter annonse