Utløpt

Undervisningsstilling/miljørettleiar - Lunde barneskule

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune
Stillingstittel
Undervisningsstilling/miljørettleiar
Frist
31.07.2020
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Lunde barneskule har ledig 41,04 % engasjement i tida 01.08.20-31.07.21


Vi søker deg som vil vere med å bidra til godt læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for elevane våre. Skuleutvikling står sentralt i Bjørnafjorden kommune, med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø.


Arbeidsstad

Lunde barneskule er ein 1-7-skule med rundt 365 elevar og 45 tilsette i ulike stillingsstorleikar. Skulen ligg i naturskjøne omgjevnader på Lunde, i Bjørnafjorden kommune. Hausten 2017 tok vi i bruk eit heilt nytt og moderne skulebygg, med framtidsretta infrastruktur for den digitale skulen. Skulen satsar på trivsel og tryggleik, og arbeider etter verdiane meistring, anerkjenning og tryggleik. Vi legg derfor vekt på at elevar og tilsette skal få lære og utvikle seg i trygge rammer. "Vi elskar å lære".

Les gjerne meir om skulen vår på Lunde.gs.hl.no og facebook.com/Lundebarneskule.


Arbeidsoppgåver

- Spesialpedagogiske oppgåver på barnetrinnet 

- Oppfølging av elevar ein til ein, i gruppe og klasse

- Samarbeid med kollegaar og andre instansar

- Leggje til rette for positiv utvikling for elevane


Kvalifikasjonar

Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet med undervisningskompetanse for barnetrinnet. Anna pedagogisk utdanning kan og bli vurdert. Sosialfagleg utdanning kan og vere aktuelt for å gå inn i ei miljørettleiarstilling. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent. 

God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Vi nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk i Bjørnafjorden kommune.


I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.


Ønska kvalifikasjonar

Vi søkjer etter medarbeidarar som:

- er ein stabil, tydeleg og engasjert klasseleiar og rollemodell

- har god kunnskap og erfaring innafor spesialpedagogikk og sosialfagleg arbeid

- er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid

- er fleksibel

- har evne til å finne gode løysingar

- har gode evner til samarbeid og å skape gode relasjonar til barn og vaksne 


Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og skulen sitt behov.


Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.

Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.


Slik søkjer du

Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.


Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

 

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på

e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med personalavdelinga.


Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune ligg i naturskjønne omgjevnader rundt Bjørnafjorden, sør for Bergen. Bjørnafjorden består av tidlegare Os og Fusa kommunar, med omlag 25.000 innbyggjarar og eit areal på 519km2.

Sektor
Offentlig
Sted
Klasavegen 10, 5202 Os
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk

Nøkkelord

undervisning, pedagogikk, utviklingsarbeid, læringsmiljø

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Elin Skaatun
Stillingstittel
rektor
Telefon
56 57 59 80
Mobil
95 87 24 56
Kontaktperson
Thomas Lorentzen-Styr
Stillingstittel
avdelingsleiar
Telefon
56 57 59 82
Mobil
99 24 49 14
Følg firma
490 følger dette firmaet

Klasavegen 10, 5202 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 183738224
Sist endret 14. aug. 2020 12:04

Rapporter annonse