Utløpt

Vil du være med på laget vårt med gode kolleger og spanande fagmiljø?

Arbeidsgiver
Barne-, ungdoms- og familieetaten
Stillingstittel
Spesialutdanna miljøterapeut
Frist
19.06.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)
Om stillinga

Stillinga er tillagt utgreiings- og behandlingsoppgåver som tilseier erfaring og kompetanse knytta til vurdering av samspel/ tilknyting mellom foreldre og barn 0-5 år. Det er hovudsakeleg familiar med stor grad av bekymring som vert søkt inn, noko som fordrar høg kompetanse og god vurderingsevne. Det er ledig ei fast stilling, 50 %, og eit årsvikariat, 50 %. 


Arbeidsoppgåver/ansvarsområde
  • Stillinga er lagt til utgreiings- og behandlingsoppgåver som inneber erfaring og kompetanse knytt til vurdering av samspel/ tilknyting mellom foreldre og barn 0-5 år.
  • Utarbeiding av skriftlege handlingsplanar og sluttrapporter er ein viktig del av arbeidet.

Kvalifikasjonskrav
  • Minimum treårig relevant høgskuleutdanning, gjennomført bachelor eller tilsvarande 180 studiepoeng. For tilsetting i SKO 1494, 1495 og 1508 krevest fullført utdanning som sosionom, barnevernpedagog eller vernepleiar. 
  • Vidareutdanning innan barnevern, sped- og småbarn, tilknyting, psykisk helse, rus eller liknande er ønskeleg.
  • Erfaring fra barnevernsarbeid, med vekt på utgreiing av omsorgen for barnet og erfaring med sped- og småbarn er påkrevd.
  • Observasjonserfaring knytt til barn og samspel foreldre/ barn er ønskeleg.
  • Erfaring med metodikk/ verktøy som er knytt opp mot utgreiings- og behandlingsarbeid med foreldre og sped- og småbarn er ein fordel.
  • Ønskeleg med rettleiingserfaring.

Personlege eigenskapar
  • Evne til å opparbeide gode relasjonar.
  • God til å samarbeide og jobbe i team.
  • God vurderingsevne.
  • Arbeide sjølvstendig og ta ansvar.
  • God skriftleg framstillingsevne.
  • Positivt engasjement.

Personlege eigenskapar vektleggast.


Vi tilbyr
  • Ein spennande arbeidsstad med gode faglege utviklingsmoglegheiter. Du vert ein del av nasjonalt spisskpompetansemiljø for sped- og småbarn.
  • Stillingane er plasserte i statleg lønsregulativ i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, lønsramme 18, alt. 5-11, pt. kr 456 400 - 532 300 pr år (ltr 51-60), eller 1496 klinisk barnevernpedagog, 1173 klinisk sosionom i lønsramme 18, alt. 7-11, pt. kr 456 400 - kr. 532 300 pr år (ltr. 51-60) eller i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar, 1489 miljøterapeut i lønnsramme 15, alt. 5 - 11, pt. kr 386 200 -kr 496 100 pr år (ltr 40-56).  Løn og stillingskode vurderast etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om boliglån til konkurransedyktige betingelsar, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Generelle opplysningar
  • Inkludering og mangfold er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringer og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmoderr vi deg som søker, til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velge ut riktige kandidatar brukar vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillingane er for tida lagt til Region vest, senter for foreldre og barn ved avdeling Sudmannske.
  • Politiattest vil krevast ved tiltreding, jf. lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast ved søknaden.
  • Vi gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkarlista, jf. Lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd (offentleglova), § 25.

Kontaktinformasjon

Avdelingsleiar Cathrine Solvi Hammersland- Skjøndal

tlf 466 19 722

Søknad med CV sendes elektronisk via link på denne siden.

Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstørrelse og varigheit skal takas med ved eit eventuelt intervju.

Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat, region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.

Region vest senter for foreldre og barn har tre institusjonsavdelingar for foreldre og barn 0-5 år i Bergen, Stavanger og Førde. Senter for foreldre og barn, avdeling Bergen/Sudmannske har 7 utgreiings- og behandlingsplassar, Stavanger har 3 utgreiingsplassar og Førde har 3 utgreiings- og behandlingsplassar. I tillegg har senteret eit PMTO-team med terapeutar i Bergen og Stavanger, som gir eit behandlingstilbod til familiar med barn som har åtferdsvanskar. All bistand frå senteret er lovregulert i Lov om barneverntenester § 4-4, 2. ledd, og kvar kommunal barnevernteneste er innsøkande instans.

Senter for foreldre og barn i Bergen/Sudmannske gir eit inntil 8 vekers utgreiingsopphald med fokus på foreldre-barn samspel, foreldra sin omsorgskompetanse og barnet sin fungering. Det tilbys foreldre støttande behandling i inntil 3/6 månader med fokus på utvikling av foreldreferdigheiter og styrke tiknyting mellom foreldre og barn.

Sektor
Offentlig
Sted
Feråsveien 13, 5251 Søreidgrend
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Omsorg og sosialt arbeid

Nøkkelord

miljøterapeut, deltid, foreldre/barntilknytning, handlingsplaner, rapportering

Følg firma
4301 følger dette firmaet

Feråsveien 13, 5251 Søreidgrend

Annonseinformasjon

FINN-kode 180968571
Sist endret 4. jun. 2020 13:24

Rapporter annonse