Utløpt

Vinstra vidaregåande skule - Undervisningsstilling i fellesfag

Arbeidsgiver
Innlandet fylkeskommune - Vinstra vidaregåande skule
Stillingstittel
Vinstra vidaregåande skule - Undervisningsstilling i fellesfag
Frist
21.04.2020
Ansettelsesform
Fast

 Beskrivelse

Vinstra vidaregåande skule har ledig inntil 80% fast undervisningsstilling frå 1. august 2020.

Undervisning innan følgjande fag: Naturfag inntil 20%, norsk for framandspråklege inntil 10% og inntil 50% knytta til spes.ped med fagkompetanse i norsk/matematikk/engelsk.

Vi søker deg som

  • likar ungdom og ser alle!
  • god relasjonskompetanse
  • sjølvstendig, samarbeidsviljug og bidreg på ein positiv måte i kollektivt utviklingsarbeid
  • god fagleg kompetanse

Vi tilbyr 

  • godt arbeidsmiljø i trivelege omgjevnader
  • vår visjon: gode forbilde formar framtida
  • eit bibliotek, IKT-avdeling og kontor som er oppdaterte og yter god service til både elevar og tilsette
  • eit framoverlent kollegie som er opptatt av elevane si læring og utvikling
  • fylkeskommunale tilsettingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Om stillinga

  • Undervisning i naturfag, inntil 20%
  • undervisning i norsk for framandspråklege inntil 10%
  • spesialundervisning i faga norsk/matematikk/engelsk inntil 50%
  • det er ønskjeleg at du har undervisningskompetanse i faget du skal ha spesialundervinsning i

Du kan søkje på delar av stillinga, og den kan også kombinerast med årsvikariat som er lyst ut.

Arbeidsoppgåver

  • undervisning
  • oppfølging av elevar
  • samarbeid med interne- og eksterne samarbeidspartnarar
  • pedagogisk- og fagleg utviklingsarbeid

 Ønska kvalifikasjonar

  • pedagogisk utdanning med relevant fagleg fordjupning i faga, og gjerne spesialpedagogisk utdanning

Søknad

Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal gjenspeile mangfoldet i befolkningen. Det er derfor et mål å oppnå best mulig alders- og kjønnssammensetning og å rekruttere personer med innvandrerbakgrunn. Personlig egnethet vil bli vektlagt.

Kopi av attester og vitnemål vil eventuelt bli innhentet senere. Tilsendte attester returneres vanligvis ikke.

Det kreves politiattest - ikke eldre enn tre måneder- for alle stillinger i tannhelsetjenesten og videregående skole.

Vi gjør oppmerksom på at alle søkere kommer på offentlig søkerliste, jfr offentleglova § 25. Ønske om fritak fra offentlig søkerliste må begrunnes i søknaden.

Innlandet fylkeskommune benytter elektronisk søknadsskjema.

Vi ser fram til å motta søknaden din.

Om arbeidsgiveren

I hjartet av Gudbrandsdalen finn du Vinstra vidaregåande skule som ein arena for kunnskap, læring og fellesskap, med moglegheiter for alle. Skulen er tufta på gamle tradisjonar, men er likevel moderne og i stadig utvikling.

Skulen har seks utdanningsprogram: Studiespesialisering, musikk og dans, helse- og oppvekstfag, elektrofag, byggfag, og teknikk og industriell produksjon. Skulen har 450 elevar og om lag 100 lærarar, og er eigd og drive av Innlandet fylkeskommune.

Vinstra vidaregåande skule skal vera ein døropnar for ungdomar til vidare utdanning og arbeidsliv. Vi arbeider for at elevane skal bli gode samfunnsborgarar og for å gjere dei klare for framtida.

Vi legg vekt på høg kvalitet, både sosialt og fagleg, for å fremje trivsel og læring. Vi ønskjer å gi våre elevar kompetanse på vegen til å nå sine mål og draumar - gode forbilde formar framtida!

Sektor
Offentlig
Sted
Gamle Skåbuv. 10, 2640 Vinstra
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor,
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor,
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor

Nøkkelord

Undervisningsstilling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Avd.leder Kari Åse Hernæs
Telefon
99 72 59 21
Kontaktperson
Rektor Leif Solheim
Telefon
41 92 45 38
Følg firma
1219 følger dette firmaet

Gamle Skåbuv. 10, 2640 Vinstra

Annonseinformasjon

FINN-kode 174329020
Sist endret 31. mar. 2020 09:37

Rapporter annonse