Utløpt

Sjukepleiar eller vernepleiar til fast 80% stilling på natt

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Fast 80% stilling på natt
Frist
03.05.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Psykiatrisk klinikk, Avdeling spesialisert psykosebehandling, Seksjon S3 har ledig 80% fast stilling pt. på natt for sjukepleiar eller vernepleiar.

Seksjon S3 er ein akutt korttidspost med 9 senger lokalisert til Sandviken sjukehus. Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing/ diagnostisering og behandling av pasientar med akutte psykosar. Parallellt samarbeidar vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvarsvakt
  • Administrering av medisin 

Miljøterapeutisk arbeid:

  • Bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte, struktur og gode grensar for kvar enkelt pasient
  • Observere og dokumentere
  • Praktiske oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Erfaring frå psykiatri er ønskjeleg
  • Det blir lagt vekt på å vere personleg eigna

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer medarbeidarar som:

  • har respekt for den enkelte pasient
  • er sjølvstendige, løysingsorienterte og målretta
  • har god struktur, men samstundes evne til å vere fleksible
  • har gode kommunikasjonsevner
  • har evner til å førebygge konfliktar og aggresjon, og å ivareta og handtere engstelege og/eller agiterte pasientar
  • er tilpassingsdyktige og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning
  • er serviceinnstilt overfor pasientar og kollegaer
  • erivast i eit utfordrande og til tider hektisk miljø
  • ønskjer og evner å motta rettleiing

Vi tilbyr

  • Utfordringar og læresituasjonar
  • Fadderordning
  • Kursing i MAP - Møte med aggresjonsproblematikk
  • Inkluderande arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling/ tverrfagleg internundervising
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut

Nøkkelord

Sjukepleiar/vernepleiar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Sigurd Ulfeng Jakobsen
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 95 85 30
Kontaktperson
Jeanette Westerås
Stillingstittel
ass.seksjonsleiar
Telefon
55 95 87 34
Følg firma
2248 følger dette firmaet

Sandviksleitet 1, 5036 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 173992377
Sist endret 27. mar. 2020 18:24

Rapporter annonse