Utløpt

Sommarjobb som museumsvert.

Arbeidsgiver
Kraftmuseet
Stillingstittel
Museumsvert
Frist
03.04.2020
Ansettelsesform
Sommer/Sesong
Bli kjent med KRAFTMUSEET

Kraftmuseet har høgt aktivitetsnivå og stigande besøkstal, difor søkjer vi etter MUSEUMSVERTAR. Vi vurderer kun søknadar som er skrive på norsk.

Er du interessert i industrihistorie og reiseliv? Har du lyst til å formidla vår historie? Studentar, skuleungdom og alle interesserte oppmodast til å søka.

Oppgåver vil hovudsakleg vere formidling av lokal historie; i kraftstasjonen Tysso I, på Lilletopp, i Skjeggedal og i arbeidarbustadane i Folgefonngata. Andre oppgåver er betjening av resepsjon, café og butikk, reinhald og anna førefaldane arbeid.

Jobben inneber ein del helgearbeid. Full opplæring vil bli gitt. Løn etter avtale.

Kvalifikasjonar: Interesse for historie. Glad i formidling og evne og vilje til å setja seg inn i fagkunnskapen. Interessert i å arbeide med menneske. God evne til å meistra travle besøksdagar og uventa situasjonar, og til å jobbe strukturert og sjølvstendig. Du må snakke norsk, engelsk og gjerne tysk!

Om arbeidsgiveren

Museet har avdelingar i Odda og i Tyssedal, og har ope heile året, med utvida opningstider om sommaren. Det er om sommaren museet opplever mest "trøkk", med turistar frå heile verda. Mange som har tenkt seg til Trolltunga kjem innom museet før eller etter den lange turen. Kraftmuseet er eit annleis museum, der ein kan oppleva historia, teknologi og vitskap, med naturen som eit dramatisk bakteppe. Den majestetiske kraftstasjonen vart bygd mellom 1906 og 1918 for å levera straum til verdas største karbidfabrikk i Odda. Kraftanlegget var i si tid eit av Europas
største, og er i dag restaurert tilbake til gammal prakt.
Kraftmuseet fortel den spanande historia om overgangen frå jordbruk og turisme til elektrisitet og industri, som skapte det moderne Norge.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Bransje
Museer, gallerier og kulturminne
Stillingsfunksjon
Kundeservice

Nøkkelord

Omvisar, turisme, visning, guide, kultur

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gro Tyssedalstveit Kollbotn
Stillingstittel
Besøksansvarlig
Telefon
53 65 00 55
Kontaktperson
Ånse Dolve Meyer
Stillingstittel
Avdelingsleder
Følg firma
17 følger dette firmaet

Naustbakken 7, 5770 Tyssedal

Annonseinformasjon

FINN-kode 173729372
Sist endret 6. mai 2020 10:16

Rapporter annonse