Utløpt

Konsulent

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Konsulent (40%)
Frist
09.02.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY (https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY)


Konsulent (40%)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig stilling som konsulent i 40 % stilling med tilsetjing snarast. Instituttet utdannar tannlegar og tannpleiarar, og driv i tilknyting til utdanningane ein tannklinikk. Klinikken har opp mot 400 pasientar dagleg i studentaktive periodar.


Arbeidsoppgåver:

?             Innkjøp av varer til varelageret for den kliniske verksemda ved instituttet

?             Lagerføring og intern distribusjon av dentalvarer. Dette inkluderer noko fysisk arbeid.

?             Produktrettleiing

?             Oppdatere og vedlikehalde kjemikalieregisteret EcoOnline

?             Oppdatere og vedlikehalde lagerstyringssystemet Merida.

 

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

?             Søkjarar må ha dokumentert erfaring frå eller utdanning innan tannhelse-feltet.

?             Erfaring frå arbeid i helsesektoren er ein føremon.

?             Erfraing frå innkjøp er ein føremon.

?             Relevant, grunnleggjande administrativ IT-kompetanse

?             God munnleg og skriftleg norsk framstillingsevne

Vi søkjer ein person som er

?             Fleksibel og serviceinnstilt

?             Strukturert, effektiv og med god ordenssans

?             Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

?             Engasjert, positiv og sosial

?             Sjølvstendig og løysingsorientert

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.


Vi tilbyr:
  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Stilling som konsulent (kode 1065) i lønssteg 37-48 (for tida kr 371 800 - 435 100). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Signe Solberg, tlf  5558 6688, signe.solberg@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor
Offentlig
Sted
Årstadveien 19, 5009 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Konsulent
Følg firma
1204 følger dette firmaet

Årstadveien 19, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 168331521
Sist endret 21. jan. 2020 00:00

Rapporter annonse