Utløpt

Helsesjukepepleiar 85% fast og 80% vikariat - BUFT

Arbeidsgiver
Øygarden kommune - Oppvekst
Stillingstittel
Helsesjukepleiar
Frist
27.01.2020
Ansettelsesform
Fast

Barn, unge og familietenester lyser no etter to helsesjukepleiare. Ein 85% fast stilling ved Fjell ungdomsskule og Helsestasjon for ungdom (HFU) på Straume. Tenesta har i tillegg eit ledig 80% vikariat innan same arbeidsområde frå 1. januar til 31. juli 2020.

Arbeidsoppgåver:

Arbeid i skulehelsetenesta 8. – 10. trinn og arbeid på HFU:

  • Fysisk helse
  • Psykisk helse
  • Seksuell helse, inkludert prevensjonsrettleiing
  • Vaksinering
  • Generelle problemstillingar
  • Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Autorisasjon helsesjukepleiar 

Ønskjeleg med:

  • Føreskrivingsrett for prevensjon 

Personlege eigenskapar:

  • Det er ynskjeleg at ein er engasjert i og likar å arbeide med denne flotte aldersgruppa
  • Fleksibel
  • Gode samarbeidsevner
  • Sjølvstendig

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling 

Øygarden kommune ynskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst moglelg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkjarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å førast opp på søkjarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Om arbeidsgiveren

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 40 000 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Barn, unge og familietenester består av 4 helsestasjonar, skulehelsetenste på skulane i kommunen, helsestasjon for ungdom, helsestajon for flyktningar, kommunepskologar for barn og unge og ei ny avdeling som skal ha fokus på førebyggjande arbeid rundt familiar og vaksne som arbeidar med barn og unge.
I avdelingane arbeidar det ulike yrkesgruppar som helsesjukepleiarar, jordmødre, helsesekretærar, familierettleiarar, ungdomslos, miljøarbeidarar. pedagogar og psykologar.

Sektor
Privat
Antall stillinger
2
Sted
BLOMBAKKANE 2, 5353 Straume
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Helsesykepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Berit Algrøy
Telefon
55 09 68 07
Følg firma
321 følger dette firmaet

BLOMBAKKANE 2, 5353 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 167907517
Sist endret 16. jan. 2020 11:49

Rapporter annonse