Tannhelsesekretær (fleire vikariat)
- Arbeidsgiver
- Universitetet i Bergen
- Stillingstittel
- Tannhelsesekretær (fleire vikariat)
- Frist
- 01.01.2020
- Ansettelsesform
- Vikariat
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY
Tannhelsesekretær (fleire vikariat)
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig vikariat som tannhelsesekretær. Dei ledige vikariata kan vere deltids- og heiltidsstillingar, og for ulik tidsperiode. Tidsperioden kan vere frå 6 til 18 månader.
Den som vert tilsett må rekne med å gjere teneste ved ulike fagseksjonar/einingar etter instituttets behov. Instituttet har følgjande seksjonar/einingar: endodonti, førebyggjande tannhelse, gerodontologi og samfunnsodontologi, kariologi, kjeve- og ansiktsradiologi, kjeveortopedi, oral kirurgi og oral medisin, oral protetikk, pedodonti, periodonti, hovudresepsjon og pasientinnskriving.
Tannhelsesekretæren vil arbeide i team saman med tannlege og ha ansvar for studentar i kvar økt på klinikken.
Arbeidsoppgåver:
- pasientomsorg
- assistanse til tannlegar/tannpleiarar og studentar
- røntgenfotografering
- opplæring av studentar i hygiene
- oppdekking, etterfylling av instrument og materialar
- reinhald, sterilisering, vedlikehald av utstyr
- pasientadministrative oppgåver
- bestille og oppbevare forbruksmaterialar
- telefon/resepsjonsteneste
- kjenne til og etterleve gjeldande rutinar i smittevern i klinisk odontologisk praksis
Andre oppgåver kan leggast til stillinga.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
- søkjarar må ha norsk autorisasjon som tannhelsesekretær
- erfaring som tannhelsesekretær er eit ønskje
- må kunne jobbe sjølvstendig og i team, effektivt, ansvarsmedviten og nøyaktig
- mellommenneskelege eigenskaper er svært viktig i møtet mellom kollegaer og pasientar
- evne til fleksibilitet, nytenking og initiativ
- ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- kompetanse innan data og Opus journalsystem
- handtera telefonar
- evne til å skape trivsel og godt arbeidsmiljø
Den som vert tilsett må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurderinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr:
- eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- lønssteg 38-44 etter tenesteansiennitet (kode 1545/lønsramme 09.10), for tida 371 500 - 403 200 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
- kva stillingsbrøk du ønskjer
- attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
- to referansar (namn og kontaktinformasjon)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til klinikkleiar Neshe Lie, tlf.: 55 58 66 30 eller e-post: Neshe.Lie@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Årstadveien 19, 5009 Bergen
- Bransje
- Forskning, utdanning og vitenskap,
- Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Tannhelse