Utløpt

Vil du formidle litteratur, film og andre medie med entusiasme og glede?

Arbeidsgiver
Valdres vidaregåande skule
Stillingstittel
Bibliotekar
Frist
11.12.2019
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Oppland fylkeskommune

Valdres vidaregåande skule har ledig 89 % vikariat som bibliotekar frå 1. januar 2020.

Vi søkjer deg som

- kan formidle litteratur, film og andre medie med entusiasme og glede
- kan bidra som bibliotekfagleg støtte i ulike fag og prosessar
- har gode IKT-ferdigheiter
- kan arbeide sjølvstendig og strukturert
- evnar å skape gode relasjonar med elevar og tilsette
- kommuniserer godt skriftleg og muntleg

Vi tilbyr

- interessante arbeidsoppgåver i nærkontakt med elevar og lærarar
- ein arbeidsfellesskap som er opptatt av elevane si læring
- godt arbeidsmiljø
- fylkeskommunale tilsettingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Om stillinga

- vikariat som bilbliotekar i 89 % stilling
- gjelder fram til 30. november 2020
- arbeidstid er periodisert og følgjer skuleruta, slik at det er fri i skuleferia
- arbeidstid er måndag til fredag kl. 08.00-15.30 i skuleåret
- biblioteket fungerer som sosial møtestad og arbeidsstad for elevane
- dersom søkar har relevante kvalifikasjonar og skulen har ledige undervisningsstillingar, kan det vere aktuelt å utvide stillinga til 100 %

Arbeidsoppgåver

- vanlege bibliotekaroppgåver som utlån, registrering med meir
- samarbeid med lærarar og andre tilsette om pedagogiske opplegg samt ulike prosjekt
- samarbeid med instansar utanfor skulen om formidling, utvikling av biblioteket med meir
- formidling av sakprosa, skjønnlitteratur, film og andre aktuelle medie
- hjelpe elevar med å finne relevant fagstoff
- tilrettelegge for læring i vid forstand

Ønskte kvalifikasjonar

- relevant utdanning
- erfaring frå bibliotekarbeid
- pedagogisk erfaring og utdanning
- personar med annan relevant bakgrunn er også velkomne til å søke

Vi ser fram til å sjå søknaden din!

Om arbeidsgiveren

Valdres vidaregåande skule har utdanningsprogram for studiespesialisering, idrettsfag, bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, design og håndverk, helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, samt teknikk og industriell produksjon.

Valdres vidaregåande skule har ca. 480 elevar og 120 tilsette. Skulen er eigd og drive av Oppland fylkeskommune.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
YRKESSKULEVEGEN 20, 2920 Leira i Valdres
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Arkiv og bibliotek,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Arkivar og bibliotekar,
Undervisning og pedagogikk

Nøkkelord

bibliotek, bibliotekar, utlån

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Karen Marie Kvåle Garthus
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
61 35 66 04
48 02 59 64
Kontaktperson
Kari Elisabeth Rustad
Stillingstittel
Rektor
Telefon
61 35 66 02
47 83 03 69
Følg firma
300 følger dette firmaet

YRKESSKULEVEGEN 20, 2920 Leira i Valdres

Annonseinformasjon

FINN-kode 163710245
Sist endret 12. des. 2019 00:08

Rapporter annonse