Utløpt

Sjukepleiar/Systemkoordinator - Legevakt og legesenter

Arbeidsgiver
Os kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
06.11.2019
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Eining for legevakt og legetenester har ledig 80% vikariat frå 01.01.20 - 31.12.20, som sjukepleier i kombinasjon med rolla som systemkoordinator.

Legevakta er ei akutt-teneste på dagtid og utanfor legekontora si arbeidstid. Med akutt hjelp meinast: "Den helsehjelp som helsetenesten eller ein helsearbeider er pliktig til å yte utan opphold eller snarast når det etter de foreliggjande opplysningar må antas at det er påtrengende nødvendig."

Moberg Legesenter er eit fastlegesenter i Os kommune med tre fastlegar og ein turnuslege, og held til i same lokala som legevakta. Eikelandsosen legesenter er eit fastlegesenter i Fusa med fem fastlegar og held til i same lokala som legevakta.

Arbeidsstad
Beredskapsbygget Moberg og Eikelandsosen legesenter og legevakt.

Arbeidsoppgåver
Som sjukepleiar skal du svare på hendvendingar til legevaktsentralen for kommunane Os, Samnanger, Fusa og Austevoll. Du arbeider i team med lege- og ambulansepersonell og handterer pasientar både på legevakta og ute i kommunane Samnanger og Os.

Oppgåver og ansvarsområde som er knytt mot rolla som systemkoordinator vert:
- vere med å utvikle og vedlikehalde fagsystema og internkontrollsystema
- dagleg drift av avdelinga i samarbeid med avdelingsleiar
- turnusarbeid
- delta i utarbeiding avi årleg handlingsplan for fag og kompetanseutvikling
- kontinuerleg implementering av kunnskapsbasert praksis
- systematisere, utføre og dokumentere klinisk fagutviklingsarbeid
- bidra til å skape gode arenaer for refleksjon og debriefing
- opplæring

Stillinga er 80% med arbeid kvar 4. helg i 3 delt turnus (ca halve stillinga er i turnus på legevakta)

Kvalifikasjonar
Du må
- vere autorisert sjukpleiar og ha relevant arbeidserfaring, gjerne erfaring frå turnusarbeid og journalsystem
- ha sertifikat, klasse B
- kunne arbeida sjølvstendig
- ha generell datakunnskap
- ha god skriftleg og muntleg kommunikasjonsevne

- Det er ønskjeleg at du har relevant videreutdanning
- Det vert lagt særleg vekt på personlege eigenskapar
- Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Om arbeidsgiveren

Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen kan by på dei vakraste natur- og kulturopplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stor vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.

Sektor
Privat
Sted
Mobergsbakken 111, 5200 Os
Bransje
Helse og omsorg,
Annet
Stillingsfunksjon
Sykepleier,
Helsepersonell

Nøkkelord

Sykepleier, legevakt, helsepersonell

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anne B. Halhjem
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
98 62 82 94
Kontaktperson
Eun Maria Berthelsen
Stillingstittel
Konst. avdelingsleiar for legetenester
Telefon
48 13 93 56
Følg firma
483 følger dette firmaet

Mobergsbakken 111, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 160813282
Sist endret 25. okt. 2019 07:41

Rapporter annonse